– Eg har visst dette ei stund no, og er veldig glad. No skal me jo ha ein nominasjonsprosess til hausten, men eg har ikkje fått signal på noko anna enn at det blir meg. No blir det viktig at me får ei god liste. Signala til no er at dei fleste av dei som sitt i dag vil vere med vidare. Det er flott. Me har ei veldig god gruppe, som viser godt igjen. Eg er imponert over innsatsen til både dei faste medlemmene og varamedlemmene, seier Apeland.
Open for samarbeid
Som kjent er Apeland i dag varaordførar bak Sigmund Lier (AP). Han synst samarbeidet deira fungerer godt, og seier at Høgre er opne for å samarbeide med alle.
– Me har vist at me kan samarbeide med alle, og det er me opne for å fortsette med. Eg har jobba tett og godt med Sigmund sidan valet, og det skal eg fortsette med det neste året. Så får me sjå korleis valresultatet påverkar eventuelle vidare samarbeid, kommenterer Apeland.
– Er du klar for å brette opp ermene og ta opp ordførarkampen?
– Eg er veldig klar.
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 skjer den 9. september 2019.