Tidlegare kultursjef Ingvar Frøyland. Foto: Arkivfoto
Tidlegare kultursjef Ingvar Frøyland. Foto: Arkivfoto

Tett på Ingvar Frøyland: – Tar det som det kjem

Sigmund Hansen, Ingvar Frøyland, Nils Økland og Munor. Nestan som ein god gammaldags «Ta det som det komme»-sending det.

1. april gjekk kultursjef Ingvar Frøyland av. Ein fargerik kulturperson med eit stort hjarte for kulturmangfald rydda kontoret, og blei pensjonist. I avtaleboka var det eigentleg berre eit punkt igjen. «Tett på»-avtalen med Bernhard Gismervik i Munor.
– Eg har spurt Ingvar fleire gonger om han ville vere gjest i dette konseptet som er blitt fast under Midstommarfesten. Han har takka nei kvar gong, og sagt at det får vente til han blei pensjonist. Vel, nå er han det, seier Munor-leiaren.
– Bernhard har spurt meg fleire gonger og eg har takka nei. Måtte bli når eg blei pensjonist. Dette er eitt av dei konsepta, eg sett størst pris på, og det er ei ære å få ein slik sjanse. Så svaret i år var ja, smilar Frøyland.

Hansen
På scena i kulturhuset er det Sigmund Hansen som skal styre det heile. Det er ein journalist Frøyland kjenner godt.
– Eg blei intervjua av Sigmund for mange år sida. Var vel det første intervjuet eg gjorde. Så hadde eg eit program på Radio 102 i ti år, som me kalla «Tysværtimen». Då trefte eg ofte på Sigmund. I dei seinare år har me møttest ved ulike anledningar, og det er fint at det er han som skal leie det heile. Og grunnen til det er at eg veit ikkje heilt kva det er som skal skje. Det blir nok å ta det som det kjem. Og det er han ekspert på, ler pensjonisten.
Me har ringt Frøyland ein varm maidag, og som me «frykta» så satt han og «slaska» seg i solveggen. Det er faktisk same dag som arvtakar Anders Netland flyttar inn på det varme kontoret i rådhuset.
– Eg har det kjempefint, og ser fram til Midtsommarfesten. Blir litt annleis å vere på sidelinja, men ein del av prosessen har eg fått vore med på. Det har alltid vore mi greie å vere den som har lagt til rette, lytta til idear og latt folk få sleppe til. Eg håper og trur at det er det minne folk har av meg, seier Frøyland.

Ønske
Munor stiller med toppa mannskap, og vel så det til konserten.
– Har du nokre ønske om kva dei skal spele for deg og publikum?
– Eg har vel ikkje heilt det, og det einaste eg hugsar er at eg nemnte for Bernhard ein gong, var at det hadde vore stas om dei fekk med seg fiolinist Nils Økland. Han har fantastisk musikk som handlar om mellom andre Lars Hertevig og den blå musikken. Eg veit ikkje heilt kva dei pønsker på, men gleder meg – det gjer eg.
– Kva konsertar liker du best å få med deg?
– Eg er ikkje så voldsamt til musikkmann, men sett stor pris på konsertane til Stavanger Symfoniorkester i Tysværtunet.

Innfrir
– Kjenner du til ønske om Nils Økland, Gismervik?
– Det gjer eg, og kan allereie nå røpe at det blir innfridd. Nils har sagt ja, og eg ser føre meg at me bygger deler av det musikalske rundt han. Marina Johansson, Tobias Tellmann, Arild Halvorsen og eg sjølv tar oss av resten av instrumenta. Me har ikkje øvd så mykje saman til nå, men dette trur eg skal bli flott både for Ingvar og for publikum. Trur det er litt av konseptet at det skal vere litt overraskingar, så alt vil eg ikkje røpe. Personleg har eg stor sans for slike konsept som dette, seier Bernhard Gismervik.
– Kvifor det?
– Ein blir kjent med personen, her Ingvar, og ein får sett musikk som passar til dei historiene som kjem. I tillegg kan ein vise fram bredda i det ein driv med. Me i Munor liker det, og gjer alle slags konsertar. Det er også stas å spele for ein slik heidersmann, som me har hatt så mykje kontakt med alle desse åra. «Tett på» er eit strålande konsept i Tysværtunet, seier Bernhard Gismervik.
«Tett på»-konserten tar til like etter opninga av sjølve Midtsommarfesten. Konseptet går ut på at ein tar ein kjent person, intervjuar og snakkar saman med han på scena. Mellom samtalane speler Munor og gjester. Flott, spennande og tidvis morosamt. Kan ikkje få betre start på ein sommarfest enn dette.
– Håper det. Folk må gjerne ha forventningar, for det har me også. Å spele saman med Nils og for Ingvar er noko me gleder oss mykje til, avsluttar Bernhard Gismervik.