– Drama i Langedalen er med Marita Wierdal og Trygve Fjeldheim Hovelsen. I fjor var det svært mange som ville ha med seg historia om slaktaren i Haugesund, som blei drepen av ein tysværbu i 1905. Det handlar også om to unge jenter som drukna i Førresfjorden, og om familien med aner frå Sørlandet og Telemark som fann plassen i Langedalen, og slo seg ned der, seier Hartvig Waage.
Over 100 tok turen i fjor, det bør bli fleire i år.
– Dette er ei historie som ikkje er heilt ferdig, og som me stadig får påfyll på. Eg har personleg møtt etterkommerar som kan hjelpe oss med å oppdatere det som skjedde. Dette var faktisk det første knivdrapet i Haugesund si historie, og historia om dei to jentene som forsvann gjennom isen er svært sterk. Kryss av for den 23. klokka 21.00 om kvelden. Det blir sterkt, seier Waage.