Kor festleg er det?

Me er over halvvegs i årets Midtsommarfest. Fleire gode arrangement har fått mykje skryt, men kanskje ikkje det oppmøtet som ein kunne håpe på. For det er slik at kvalitet ikkje alltid sel, like godt som det populistiske.

Spørsmålet som me har fått denne veka er om folk flest på Haugalandet veit at det er fest i Tysvær. Gjennom marknadsføring har mange fått ein god oversikt over kva som skal skje. Det er dei som tidleg plukkar ut kva dei vil gå på, men nå når bileta kjem frå ulike arrangement, så er det litt trist å sjå at me manglar det store arrangementet som trekk folk til kommunen.
At dei same bileta viser mange kjente fjes som er med på mange arrangement, og er trufaste MSF-gjester, er sjølvsagt både positivt og negativt. Eg trur me nå har komme til eit punkt der arka i MSF-programmet må snus, og der nye tankar må få større plass. Om ikkje så vil Midtsommarfesten over tid smuldre bort.
Ikkje først og fremst fordi den har eit dårleg innhald, men fordi publikum i dag har så mykje å velje i at om ein ikkje klarer å få til ein snakkis, ja så har ein rett og slett eit problem.
Sist helg hadde eg frihelg, og kjørte strekninga Tysvær – Lillehammer. Det var knapt nok ein by eller bygd som ikkje hadde planar om sine eigne «sommardagar». Store plakatar vitna om at bogen etter kvart er blitt spent stramt. Det er lagt opp til eit omfattande og tettpakka program over ei langhelg. Proffe artistar gjekk hand i hand med lokale amatørar. Lag og foreiningar det same med kommersielle aktørar, som selde på krims og krams. Det var «Lillehammerdagar» med fest i heile byen. Det var «Oddadagane» med mellom anna Vamp på scena, og eit stort tivoli i enden av gågata. Det krydde av folk, som smilte og lo. Turistar og lokale folk på jakt etter ei kulturoppleving, eller eit kupp i butikken.
Då me kom til desse byane var det ingen tvil om at det var fest.
Då me kom til Tysvær var det tvil om det var fest.
Før hadde me toppkonsert med tusenvis av ivrige tilskodarar på toppen av Alvanuten. Folk snakka om Midtsommarfesten i Tysvær. Då fekk også alle dei andre arrangementa litt lys på seg, og mellom anna Borgøydagen, Slusedagen og Sankt Hans i Dragavika fekk si storheitstid.
Nå er ein ny kultursjef på plass og han er nøydt til å ta grep. Som sagt ikkje for det at programmet i seg sjølv er dårleg, men det kan ikkje vere slik at den fantastiske Midtsommarfesten, som blei bygd opp over mange år, nå bare er eit tilbod for ei lita gruppa med tysværbuar.
Me må bruke denne veka til å marknadsføre det moderne og aktive Tysvær. Det er ein jobb som må gjerast nå.
Til helga er det Slusedag og slusedans. La oss håpe på tusener på tusener, som ikkje skal bruke helga på fotball-VM.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør