Jørund Espeland går frå Sandnes til Stord. Han hadde seg ei velfortent pust i bakken på Nedstrand. Foto: Ingvild R. Myklebust
Jørund Espeland går frå Sandnes til Stord. Han hadde seg ei velfortent pust i bakken på Nedstrand. Foto: Ingvild R. Myklebust

Går frå Sandnes til Stord for å støtte Kreftforeningen

Jørund Espeland utfordra venene på Snapchat til å donere til saman 4000 korner til Kreftforeningen. Greidde han å få inn summen, skulle han gå frå Sandnes til Stord. Pengane strøyma inn, og torsdag starta den lange ferda. Laurdag gjekk han frå Nedstrand med kurs for Stord.

– Eg starta torsdag morgon, og kom meg til Ombo. Der i frå tok eg ferja til Nedstrand. Då eg kom til Ombo kjentest det ut som eg ikkje hadde bein, seier Espeland som har fått kvilt seg på Nedstrand frå fredag til laurdag.

Han er frå Stord, men bur for tida på Sandnes.

– Dei som driv Joker Nedstrand fortalte at dei hadde utleigeleilegheiter, og då eg fortalte om grunnen til at eg gjekk ville dei gjerne la meg overnatte gratis fordi dei synst det var til ei god sak. Nå har eg fått frukost og teipa beina, og er klar for neste etappe, seier ein opplagt Espeland laurdag føremiddag.

Han fortel at han ikkje er vant til å gå lange strekningar, men liker å halde seg i form.

– At eg er seig er det som held meg i gong, seier han.

Venene trudde han ikkje

Espeland fortel at han sjølv har krefttilfelle i familien, og at han gjerne ville støtte jobben Kreftforeningen gjer.

– Det er fælt å seie det, men kreft er nesten blitt ein folkesjukdom. Den kan ramme kven som helst, seier han.

Då han utfordra vener til å donere pengar, var ikkje tanken at han ville ha mykje merksemd rundt turen han skulle gå. Derfor la han berre ut oppmodinga på Snapchat.

– Dette var også ei utfordring for meg sjølv, for å sjå kva eg kan klare. Mange trudde ikkje på meg då eg sa at eg skulle gå frå Sandnes til Stord dersom eg fekk samla inn 4000 kroner. Då eg såg at beløpet begynte å nærme seg denne summen, begynte eg å gå. Eg la ut snappar av at eg hadde starta turen, og då donerte ennå fleire. Nå er det oppe i omlag 5000 kroner, seier Espeland.

Han har ordna det på det viset at dei som donere til Kreftforeningen sender ei bekrefting på at dei har betalt til Espeland på Snapchat eller Facebook.

– Tøffare en eg hadde trudd

Laurdag var planen til Espeland å gå frå Nedstrand, til Skjoldastraumen, til Ølensvåg og vidare til Utbjoa. Han fekk med seg bror sin på delar av turen, og målet var å komme til Utbjoa laudag kveld.

– Stord er ei øy, så det er ikkje enkelt å komme seg dit utan å ta ferje. Det er ikkje lov til å gå i Bømlafjordtunnellen, så derfor tenkte eg å gå til Utbjoa og ta ferje der i frå.

Laurdag kveld opplyser han at han heller går E39 nordover, og får transport gjennom Bømlafjordtunnellen slik at han kan fullføre heile turen i kveld. Dette er i følgje Espeland lengre å gå enn om han hadde gått via Utbjoa.

Han legg ikkje skjul på at mange timars gange på asfalt merkast godt i beina.

– Det er vilja som ber meg fram. Det er tøffare enn eg hadde trudd, men det er berre «maen med ljåen» som kan stoppe meg, seier han.