Skogbrannfaren aukar i det varme, tørre vêret. Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Flickr
Skogbrannfaren aukar i det varme, tørre vêret. Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Flickr

Aukande skogbrannfare – ver aktsam!

Tørke medfører svært auka fare for brann i skog og utmark. Derfor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i helie landet i sommerhalvåret i skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark.

Det opplyser Haugaland brann og redning iks.
– Sol, varme og vind slik me nå har hatt over lang tid, gjer faren spesielt stor. Tørkeskada vegetasjon bidrar til brannfare langt over normalen. Sjølv om det somme stader har komme nedbør, vedvarer faren for brann då vegetasjonen tørker raskt opp i fint vêr, seier brannsjef Dag Botnen.

Det er svært tørt for tida, og då skal det veldig lite til for å starte ein brann. Derfor må kvar enkelt vise forsiktigheit og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår.
– Det gjeld alle, heile tida og over alt, seier brannvesenet.

– Aktsomhetsplikten inneber at ein tar forholdsreglar for å redusere sannsynlegheita for brann og begrense skadane om brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt, er meldinga frå brannvesenet.

Bålforbod
I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan tillating frå kommunen.
Eksempel på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt. Likevel gjeld aktsomhetsplikten også på desse områda, og det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for branntryggleiken.
Å gjere opp eld omfattar bruk av eingongsgrillar og bål- og peisinnretninger. Stranda vil oftast reknast som utmark, og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet. Om ein likevel ønskjer å grille, må ein søke om tillating frå kommunen.

Sjølv om det er generelt bålforbod har ein lov til å tenne bål der det er åpenbart at det ikkje kan begynne å brenne.
– Eg kan vanskeleg sjå føre meg nokre område kor det nå åpenbart ikkje kan føre til brann, seier brannsjef Dag Botnen.
Ved brot på aktsomhetsplikten eller det generelle bålforbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.

Grilling
– Brannvesenet frårådar generelt all bruk av eingongsgrill, i alle fall når det er tørke. Dei kan vere varme i mange timar etter bruk om dei ikkje blir sløkte og kjølt ned skikkeleg, seier brannsjef Dag Botnen.Brannvesenet påpeiker at eingongsgrillar aldri må settast rett på brennbart underlag.
Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsam bruk, i følgje brannvesenet. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og annan utmark.
– Der gjeld eit generelt forbod, opplyser brannvesenet.