Denne gjengen er meir enn klar til å ta imot publikum og forfatterar til årets bLEST Litteraturfest.
Foto: Ingvild Myklebust
Denne gjengen er meir enn klar til å ta imot publikum og forfatterar til årets bLEST Litteraturfest.

Over 800 barn er med på Sommerles i Tysvær

Lesekampanjen Sommerles har verkeleg slått an, og tidlegare denne månaden nådde Tysvær Folkebibliotek målet sitt om 70 prosent deltaking i den nasjonale lesekampanjen.

I fjor blei konseptet Sommerles ein kjempesuksess i Tysvær. 435 barn deltok ved Tysvær folkebibliotek, som var med for første gong. Men i år har altså dobbelt så mange barn blitt med på leseeventyret.

Sommerles ein er ein digital lesekampanje, som går ut på å oppmode barn til å lese om sommaren. Barna lagar seg ein profil på sommerles.no, og registerer alt dei les i kampanjeperioden. Dei får poeng for kvar leste side, og kan også  gjere seg fortent til digitale trofé og premiar som dei kan hente i biblioteket.
Barna som deltar på Sommerles får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der ein løyser oppgåve knytt til forteljinga.
Sommerles varer frå 1. juni til 31. august.

– Saman med barn frå over 370 andre kommunar kan alle barn i 1.-7. klasse i Tysvær kommune vere med på landet sin kulaste lesekampanje. I fjor deltok over 300 kommunar og 58 963 barn, og Sommerles har vore ein stor suksess gjennom fleire år. Målet med kampanjen er å motivere barn til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, sa barne- og ungdomsbibliotekar ved Tysvær folkebibliotek, Hege Marie Naley Paulsen til Tysvær Bygdeblad tidlegare i år.