– Hei, eg har fått ny jobb

Har du møtt nokon som har starta samtalen med den setninga i sommar. Ja, då er du ikkje den einaste. Det er tydeleg gode tider i arbeidsmarknaden der ute.

Folk byter arbeidsstad og arbeidsgivar med stor tru på framtida.
Når arbeidsledigheita i Tysvær er under to prosent er det gode tider. Då kan ein trygt seie at me er i balanse. Talet for Rogaland er nesten dobbelt så høgt, der byane er med å dra talet opp, sjølv om også dei ser ei positiv utvikling.
I dette landskapet har ein både dei unge som jaktar sin første faste jobb, og dei som er i mi gate +50, og som lurer på om dei skal skifte ein gong til før dei blir utdaterte. Det er interessant å sjå kva fagområde det blir lyst ut stillingar i. I følge tal frå NAV er det akkurat nå i helse, pleie, og omsorg 85 ledige stillingar. Talet for bygg og anlegg er 73, medan det er lyst ut 45 stillingar innan ingeniør- og ikt-fag.
Dette er, og bør vere, signal til dagens unge om kva studieretningar som gir dei beste mulegheitene på sikt. Utan utdanning ser alt langt mørkare ut. Ein ungdom som går under kategorien «drop out» fortalte oss at dei nærast blir sett på som kriminelle som vil ha seg ein jobb. Me får håpe det ikkje er slik, men at også denne gruppa ungdommar får oppfølging og eit tilbod. Det er mange som er «gull verdt» sjølv om papira frå skulen ikkje heilt seier det same. Og ein får ikkje full balanse i arbeidsmarknaden om ikkje desse blir inkludert.
Desse vekene me nå går inn i kryr av nytilsette, studentar på veg til høgare utdanning, elevar på veg til vidaregåande skule, og eit yrande liv på sosiale media om alle dei som har ein ny og spennande kvardag.
Og det er kjekt å sitte å lese om alle desse forhåpningane om ein dag å få seg jobb. Om draumar, og om ei framtid der dei vil vere med å bygge Norge vidare. Det er også fascinerande å lese om +50-arbeidstakaren som vil utfordre seg sjølv, som vil vere med å skape endå meir, og som slett ikkje ser på alder som noko hinder.
Alle desse forhåpningane gjer at tala frå NAV ikkje berre er positive akkurat nå, men også speglar ei optimisme for framtida i Tysvær, og på Haugalandet. Me har store verksemder og kommunar som er lokomotiva, men me har også alle dei små arbeidsplassane som er så viktige. Når folk får trua på at det finnest arbeid der ute, ja då skjer det noko med oss. Då tar ein grep og gjer noko med seg sjølv.
Og akkurat det er svært viktig. Den viktigaste motivatoren vil alltid vere deg sjølv og dine næraste. Akkurat nå ser det ut som om det er positiviteten som styrer arbeidslivet vår.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør