August betyr jazzmesse i Tysværvåg og stor stemning.
Foto: Kristian Jørgensen
August betyr jazzmesse i Tysværvåg og stor stemning.

På tide å «jazza» seg litt

Sundag blir det fullt hus og stor stemning i kyrkja i Tysværvåg. Jazzmessa er blitt ein fin tradisjon.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– Det bør bli fullt hus for dette har blitt ein fin tradisjon for alle sambygdingane til å møtast. I tillegg kjem det stadig fleire frå andre stader, for å vere med på denne jazzmessa. Me gleder oss som vanleg stort til å opne dørene og sleppe jazzen, allsongen og stemninga laus, seier sokneprest Arne Aurdal.
Saman med kapellmeister Lars Johannes Liknes har han tatt turen innom oss. Det er også blitt ein fin tradisjon.
I år har Liknes til og med vore på inspirasjonstur til USA.
– Dette er ikkje som ein vanleg konsert. Det er ei messe med mykje musikk, der dei som kjem er like viktige som oss i bandet. Det var eg så heldig å få oppleve i ei kyrkje i USA i sommar. Saman skal me gjere dette til ei fin oppleving der musikken står sterkt. Det er ein miks av jazz og gospel, og eg veit ikkje heilt kva me skal kalle det, smiler Liknes og får kjapt svar frå soknepresten.
– Me kallar det «Oh happy day».
– Då får me vel ta med den i programmet, ler Liknes som røper at ikkje alt er på plass.

Nytt
Tradisjonen tru blir det gjenhøyr med kjente songar og stykke. Bandet er toppa og trimma. I tillegg til Liknes finn ein sterke lokale namn som Anders Lunde, Egil Lindanger, Jostein Askeland, Lars Røthe, Oddveig Rasmussen, Evy Fjeldheim og Pål Sjursen.
– Eg var i sommar med på lunsjkonsertane i Aksdal kyrkja og der eg spelte to heilt nye stykke, i alle fall for meg. Eg kalla konserten for «Blå salmar» og litt av dette har eg tatt med meg til konserten nå på sundag. Mellom anna skal me jazze opp samle 281, seier Liknes.
– Det er noko av det eg synest er flott med denne kvelden, nemleg at ein kan lage nye versjonar av dei songane som folk kanskje har høyrt om før. I tillegg blir det sjølvsagt mykje tradisjonelt, men du verda så kjekt det er når Lars Johannes og gjengen dukkar opp med noko nytt, smiler Aurdal.

Viktig
Dei to blir sittande å snakke om jazz, gospel og allsong. Det er tydeleg at begge er svært opptatt av at messa er for absolutt alle, og at den skal vere inkluderande på alle måtar.
– Me avsluttar me kyrkjekaffi på soknehuset etterpå. Me vil at dette skal vere ein treffstad for bygda, men også ein stad folk kan komme og treffe på bygdefolket. For oss i søre-Tysvær er dette blitt ein stor dag. Det er ikkje lett å få til konsertar her me bur, og då blir dette noko ein snakkar om og gleder seg til. Og det er lite som slår ei fullstappa kyrkje der alle tar i og er med i songen. Ikkje rart folk vil ha med seg det, avsluttar dei to med store glis.