Er det meir no?

Tysvær har igjen vore på framsidene i nyheitsbilete. Denne gongen var det Frank Våge og familien som fekk godt med sendetid i TV2 nyheitene.

Tysvær Bygdeblad og regionavisa Haugesunds Avis har i fleire reportasjar hatt fokus på barnevernsakane som har rulla og gått i Tysvær det siste året.
Me har også hatt fleire andre saker som har overraska våre leserar om korleis det står til i vår kommune.
Og det er fleire som lurer på om dei skal stå fram med sine personlege saker. Som tar kontakt, fordi dei meiner dei ikkje blir høyrt.
Spørsmålet mitt er retorisk for me veit det er meir, mykje meir.
Spørsmålet er heller om Tysvær kommune er skikka til å takle alle desse oppslaga som feiar over dei. Om dei har rutinar om korleis dei skal uttale seg, handsame dette og ikkje minst bygge tillit. Det er ein frykteleg vanskeleg jobb, for ofte skal fagkunnskapar og kjensler kjempe ein innbitt kamp i eit uoversiktleg landskap, der ein krev både fagleg- og sosial kompetanse på eit svært høgt nivå.
Ein av dei som har komme opp i støyen som har vore i Tysvær i sommar er den nye rådmannen Sigurd Eikje. Han har allereie fått mykje peppar, spesielt i sosiale medier. Det er litt urettferdig på ein måte, sidan fleire av sakene han har stått rakrygga og snakka om, ikkje er saker frå den korte tida han har vore på rådmannskontoret. Samstundes er han henta og betalt for å gjere nettopp slike jobbar. Likevel meiner eg at ein her bør gi mannen ein sjanse. Det er meir grunn til å stille spørsmål til apparatet rundt han, til administrasjonen og den politiske leiinga som heilt tydeleg har litt vondt for det, når dei kritiske spørsmåla kjem på banen.
Eg seier ikkje at dette er lett, men det må settast ned på dagsorden tid og ressursar for å takle slike saker i media. Ein skal vere budd på førehand om at det kan skje. Ein skal tole storm, og ein skal kunne vere så raus, at ein i ettertid tar ein alvorleg og seriøs vurdering av kva det var som nå skjedde.
Fleire har vore på oss og sagt at Tysvær kommune alltid berre feiar saker under teppet og håper at stormen går over. Det er svært beklageleg at stadig fleire meiner det. Eg gjer det ikkje, men eg anar ein mangel på kunnskap i vanskeleg saker. Me såg det i den såkalla «lærarsaka», og me ser det igjen nå.
Rådet kan ikkje vere anna enn at ein nå for alvor må ta tak i dette, få kunnskap og vere budd på nye rundar. Dei kjem, og dei kjem snart.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør