– Harald (byrådsleiar Schjelderup) ringte meg onsdag formiddag. Eg brukte nokre timar på å avklare dette med arbeidsgivar, så sa eg ja, seier Valhammer til Bergensavisen.
Valhammer har vikariert i jobben som skolebyråd før. Han er bystyrerepresentant inne i sin andre periode og var byrådsvikar for Hafstad Thorsen i 2016. Han er også nyvalt leiar for Ap i Bergen. Til dagleg arbeider Valhammer strategisk rådgivar hos Sparebanken Vest. Dette må Valhammer altså ta ein pause frå når han tar til som byråd torsdag morgon.