Påkjørsel ved Aksdalkrysset

Ein større varebil køyrte inn i ein personbil bakfrå på E134.

Klokka 20.22 søndag kveld fekk politiet melding om påkjørsel bakfrå omlag 3-400 meter før Aksdalkrysset på E134. To bilar var involvert, og dei kom i retning frå Haugesund.
– Årsaka til ulukka er at ein større varebil har køyrt inn i personbilen bakfrå, etter at sistnemnde hadde stoppa for å ta av E134. Eit ektepar i sekstiåra sat i personbilen, medan førar av varebilen er i slutten av tjueåra, skriv politiet i Sør-Vest på Twitter.
Ein av dei involverte hadde smerter i bryst og skulder, men skadane anses ikkje som alvorlige, meldte politiet.