Vår tids «Songbird» Rita Eriksen er på veg til konsert i Tysværtunet i september. Det blir ei stor oppleving.
Rocksport Booking
Vår tids «Songbird» Rita Eriksen er på veg til konsert i Tysværtunet i september. Det blir ei stor oppleving.

Reisande i nydelege songar og gåsehud

Rita Eriksen har ei av landets vakraste og mest varierte stemmer. Ho kan synge det meste og det beste. Men når ho inviterer til «Songbird» og Eva Cassidy, ja då blir det sterke saker.

Akkurat nå har songfuglen frå Stavanger lagt bak segt ein lang sommarferie, og kan ikkje få pakka kofferten raskt nok. Ho elskar å vere på vegen med «Songbird», og Tysværtunet er første stopp 13. september.
– Eg hadde ein lang turné før ferien, men nå har det vore fri lenge nok. Nå gleder eg meg til å komme i gang igjen, og Tysværtunet er faktisk første stopp på haustkonsertane mine. Det er kulturhus som står på programmet denne gongen, og repertoaret er som sist; det meste og det beste av Eva Cassidy, seier Rita Eriksen.


Les heile saka i morgondagens papiravis på KULTURLIV