TNR betyr stort smil

Det er muleg at det står for Transport Nord-Rogaland, men når TNR signerte kjøpsavtalen om hjørnetomta i Aksdal Næringspark er det eit av dei tydlegaste signala som har komme dei siste vekene om at, jo der vil me slå oss til.

Det var stor stas då Hatteland flytta produksjon og 100 mann frå Vindafjord til næringsparken, og det er like stort kvar gong me les, og høyrer, om små og store verksemder som enten flyttar dit, eller som har planar om det.

Men denne gongen er det også ein signaleffekt. Med eit ruvande bygg i hjørnet ved innkjøringa til Eikeskog/Næringsparken, vil Aksdal Næringspark sitt nordre hjørne gå frå å vere eit steinbrot til eit utstillingsvindauge for næringslivet i Aksdal.
Det er nemleg noko med det som auga ser. Dei bygga som ligg langs E39 er flotte og moderne, og varslar musklar innan diverse bransjar. Når ein svingar inn i parken ligg nybygget der Hatteland har flytta inn som leigetakarar. EIK-maskin ser også moderne ut, og slik kan me ramse opp bygg etter bygg. Men hjørnetomta har vore ein steinhaug, og vil nok vere det nokre månadar til. Men nyheita om at TNR har signert og sit med byggeplanar, gjer at ein om ikkje lenge snakkar om eit komplett fyrsteinntrykk, og det eit svært godt eit.
For det er ikkje til å stikke under ein stol at også innan næringsutvikling er utsjåande viktig. På ei reise langs våre vegar ser ein tydeleg der det er framtidstru og satsing, kontra der næringsområde ligg nærast daude.
Aksdal Næringspark har steg for steg tatt trinnet opp i dei høgare divisjonar, og nye etableringane vil komme. Allereie nå er det varsla om både nye verksemder, og nye arbeidsplassar. Eg trur at ein potensiell kjøpar vil la seg forføre også av korleis det ser ut. Ingen vil, uansett bransje, flytte inn i noko som ser livlaust og slitt ut.

Så gratulerer til alle dei som kjempar for Aksdal Næringspark, som har alle dei vanvitige ideane om kva som kan skje der, og ikkje minst gratulerer til dei som har sikra seg tomt. Kanskje aller mest til TNR, som har fått hjørnetomta.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør