Har tatt eit tak i 25 år

Laurdag blir det markert at Tysvær Kano og Kajakklubb er 25 år. Det er ein ung og sprek jubilant, som i desse 25 åra har opplevd utruleg mykje idrettsglede.

Når klubben inviterer til NM og fest på heimebane både laurdag og søndag er det mykje å minnast. Sportslege høgdepunkt med OL-medaljar, Kongepokalar og ei drøss med medaljar av alle valørar gjennom eit tal av stemner, og turar til meisterskap i inn- og utland.
Som sportsjournalist var eg tidleg til stades på anlegget ved fjorden i Tysværvåg. Eg trefte på ungdommar med store planar, og møtte dei mange år seinare på god veg mot å oppnå det dei hadde drøymt om.
Og eg tenker at nettopp det med draumar må vere eit stikkord for den unge jubilanten. Det er nemleg slik at eg trudde ikkje padling på konkurransenivå var for alle. Men det ser ikkje ut til at dette gjeld i TKKK. Stadig nye namn og ungdommar dukka opp på resultatlista. Med Marianne og Nils Olav Fjeldheim, Øyvind Ødegård, Christina Vedø, Elise Erland og Lars Magne Ullvang, som nokre av flaggskipa, var det alltid nokon å sjå opp til, og å bli motivert av.
Men eg tenkjer likevel om det er dei som er dei eigentlege vinnerane i klubben? Om det ikkje er dei utalege som står bak dei aktive padlerane. Dei som har bygd opp eit regionsanlegg som «alle» snakkar positivt om. Som har fasilitetar andre berre kan drøyme om. Som har kjempa mot gras i sjøen, lagt stein for stein for å stadig få mest mogleg ut av kvadratmetrane dei har på Troppene, som nabo til Falkeid IL. Eldsjeler som garantert ville fullt opp ein sigerspall og to om det hadde vore NM for eldsjelar.
For du vil garantert legge merke til alle dei som er der i helga. Som spring med resultatlappar, kjører båt, sel kaffi, og som gjer at alt går på skinner. Det er dei som må trøyste når det går galt, og det er dei som jublar mest når ein TKKK-ar vinn.
Dei frivillige i Tysvær generelt, har gjennom mange år vist at klubbtilhørigheita er sterk, og at ein vil strekke seg langt for at barn og unge skal få gode oppvekstvilkår. Kajakklubben har også vist at dei er ein god samarbeidspartnar for Tysvær kommune.

Tysvær Bygdeblad gratulerer Tysvær KKK, og alle dei i båtane og på land, som har gjort ein imponerande innsats dei første 25 åra. Det er ingen alder, og me har store forventningar til dei neste 25.

Alf-Einar Kvalavåg
redaktør