Ordfører Sigmund Lier åpnet årets Midtsommerfest.
Sigmund Lier har takka ja til ein ny periode som Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat.

Val 2019: Sigmund Lier går for ny periode

Han sa han måtte gå nokre rundar med familien, men nå er det klart. Sigmund Lier er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat også ved neste val i 2019.

På grunn av teknisk feil ble ikke denne saken publisert på nett da den sto i vår papiravis den 16. august. Vi beklager dette.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– Me er svært nøgde med at Sigmund Lier har sagt ja til å stå øvst på lista vår ved valet neste haust. Han er ein svært engasjert ordførar og politikar, som me ønsker skal ha ein ny periode som ordførar. Det er også svært viktig at me har på plass topp- kandidaten, med tanke på resten av listearbeidet, seier leiar i valkomiteen Emly Årvik.
Lier var tydeleg på at han hadde lyst på ein ny periode då me snakka med han før ferien. Men først skulle familien få seie sitt, så skulle valkomiteen få eit svar.
– Me gjekk nokre rundar hei- me, men det enda opp med eit klart ja og støtte. Difor var det med glede eg kunne informere valkomiteen om at eg takkar ja til å vere nummer ein på lista ved valet, seier Lier.
– Var det personleg lett å ta det valet?
– Både ja og nei.Men nå når eg har sagt ja, så kjenner eg at eg er topp motivert for nye år i Tysvær-politikken. Det skjer så mykje spennande for tida, at det vil eg vere med på. Så får me sjå korleis lista vår blir til slutt. Eg har stor tru på ̊dei som sit i komiteen, seier ordføraren.

Kabal
For AP-veteranen Emly Årvik er det ein kabal som skal leggast fram i eit medlemsmøte i desember.
– Me er godt i gang, og først og fremst har me snakka med dei som allereie har vore på lista. Me følger ein mal me har fått frå AP sentralt, og planlegg ut frå den. Det ser veldig bra ut, men eg vil ikkje gå ut med detaljar nå. Det som er heilt klart er som sagt at det er svært positivt at me har toppkandidaten klar, seier Årvik.
Etter det Tysvær Bygdeblad kjenner til så er lista Årvik jobbar med relativt godt fylt opp.
– Er det spesielle grupper med listekandidatar ein ser etter?
– Ein seier ofte at ein leitar etter yngre folk, men dei er ofte opptatt av studie eller etablering. Eg trur personleg at ein fin blanding av yngre og erfarne politikarar er det beste på ei liste. Det er ein del ting som skal passe inn, og det er det me jobbar med.
– Så det er ikkje fylt på AP- lista?
–Det ser braut, men det er ikkje fullt. Men som sagt vil me halde korta litt til brystet eit par veker til.

Utruleg viktig
Når Arbeidarpartiet nå kan informere om at Sigmund Lier har takka ja er det ein utruleg viktig nyheit for partiet å få ut. Lier har gått til vervet som ordførar med 100 prosent energi. Han har vist samarbeidsvilje på tvers av partia og har vore ein ordførar for heile Tysvær. Samstundes er det dei som meiner at samarbeidet med Høgre har vore litt for tett, og litt for mykje på dei blå sine premissar.
– Når eg ser på kva me lova i førre valkamp så kan me stå rakrygga og sjå tilbake på ein god periode. Kva som skjer fram til neste val veit ingen. Men for meg er det eit fokus nå, og det er å vere ordførar i denne perioden. Så blir det ny valkamp, nye duellar og nye folkevalte. Eg gleder meg, seier Lier.
– Kva tankar har du om det å vere ordførar?
– Det er eit privilegium å få vere ordførar i vakre Tysvær, og
eg ynskjer å vere med å forme Tysvær og regionen vidare. Det gode liv, med gode tilbod og godt bumiljø, rikt kulturliv og gode tenester for barn, unge og eldre er viktige saker å jobbe for. Vidare vil eg halde fram med det tunge næringslivsarbeidet som er starta, og som me snart vil sjå resultat av. Vil og halde fram med regionalt arbeid. Eg er motivert og klar, seier Lier
Sigmund Lier har sin første periode som ordførar. Han har tidlegare vore varaordførar og har yrkeserfaring frå skule og PP-tenesta.

Sigmund Lier har takka ja til ein ny periode som Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat.