Av Alf-Einar Kvalavåg
Det er snakk om å hente ut dei siste kreftene ein har etter å ha sykla Tysvær rundt. For i kampen om syklistane har arrangørane i CKH funne fram til ei avslutning på det tradisjonelle rittet, som allereie har fått stempel som ein fantastisk god idé.
– Det har tidlegare vore start og mål på Frakkagjerd ved skulen, men dette er ei trafikkfelle me har hatt eit ønske om å komme oss bort frå. Så kom ideen med start og mål i Aksdal. Start på baksida av kulturhuset og målgang etter 70 kilometer på toppane av Alvanutvegen. Den bakken er omlag 600 meter og har ei stigning på omlag 12 prosent. Det vil svi, men samstundes vere ei fantastisk avslutning på rittet, seier Bill Clinton i CK Haugaland.
Prøver seg
Nå håper arrangørane at det vil bli skikkeleg Tour de France stemning dei siste hundre metrane mot toppen.
– Det hadde vore kjekt om me fekk folk til å samle seg der med plakatar og flagg. Ved å ha målgang like ved starten, kan ein parkere i Aksdal og gå opp bakken, samstundes som ryttarane syklar i løypa, som stort sett går i ein litt ny trasé enn tidlegare, seier Clinton.
Det er på grunn av vegarbeid i år ei sløyfe rundt Nes, ikkje ulikt trasén som blei brukt i Ironman tidlegare i sommar.
Og om du lurer på om det er nokre som vil prøve seg opp den bratte bakken i bustadfeltet i Aksdal… Svaret er ja. Kvar einaste kveld dei siste dagane har ein sett og høyrt ivrige syklistar kjempe seg opp.
– Ein blir litt lurt av falske flater undervegs, for dette er bratt. Dei raskaste klarer likevel å komme seg opp på i underkant av to minutt, men dette er ein spurt som svir, sjølv for dei beste. Me gleder oss stort til dette, og det er kjekt å sjå at mange allereie har meldt seg på. Me opna nettopp for påmelding, og responsen kom umiddelbart. 9. september blir det bakkeklatring i Aksdal og det blir ein fest for sykkelsporten. Det er ikkje så mange landevegsritt på våre kantar, så dette er ei gåve både til dei lokale syklistane, men også til alle dei som vil komme hit. Rundløypa er delvis flat, om ein tar bort Svinalidbakken og avslutninga. Fantastisk natur, normalt sett eit tempo som mange kan vere med på. Me var nøyd til å gjere nokre grep, og det har me gjort, seier Bill Clinton.
– Dette blir heilt fantastisk kjekt. At ein klarer å gjere noko slikt i Tysvær er eg glad for, for dette blir ein snakkis. Det er alltid tøft med ein bakke mot slutten, men kjem det folk og heiar glømmer ein fort både mjølkesyre og andre «vondter», seier Magne Aarsteinsen, Tysvær-syklisten som nå syklar for Bokn.