Det var ein stor delegasjon som var med på synfaringa, som blei leia av Sigve Haaland. Her på Stegaberg.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det var ein stor delegasjon som var med på synfaringa, som blei leia av Sigve Haaland. Her på Stegaberg.

«Alle» likte det dei fekk sjå

Synfaring er kjekt. I alle fall når ein har gleda seg i mange år til dei nye omsorgsbustadane skal kunne takast i bruk.

Prosjektleiar Sigve Haaland i Tysvær kommune viste denne veka ein stor delegasjon rundt i nybygga på Stølsberg i Aksdal og på tomta til gamle Stegaberg skule. Begge stader fekk ein sjå topp moderne og framtidsretta omsorgsbustadar.
– Nå er det endeleg tett, med vindauge, dørar og tak på plass. Me held oss til tidsplanen og har som mål at kommunen tek over bygga den 28. januar som avtalt. Deretter vil me bruke opp til åtte veker på å flytte inn alt utstyret som me treng. Går alt etter planen så vil kanskje dei aller første flytte inn før det, men her er det mykje som skal på plass, seier Haaland.
Han viste rundt i dei åtte nye leilegheitene, som saman med dei fire som er frå før blir det nye Stølsberg.
– Her er det lagt godt til rette både for dei som skal bu her, og for dei tilsette. Som ein ser er det god plass og moglegheiter for å kople til både det tekniske utstyret me har i dag og det som ein forventar i framtida. Alle leilegheitene har mykje lys som kjem inn utanfrå og det er terrassar mot sør. Kjekt å høyre at dei som skal jobbe her og som skal drifte dette er nøgde med det dei ser, seier Haaland.

Samla
Med utbygginga få ein samla tilbodet, noko som vil gi økonomisk gevinst på sikt.
– Me bygger nytt for å spare pengar i framtida. Dette er noko eg har sett fram til lenge, og det gjer meg godt å høyre det Haaland her fortel om bygga, seier ordførar Sigmund Lier som var ein av mange på synfaringa.
– Det ser veldig bra ut og me gler oss til å ta bygga i bruk til vinteren. Løysingane er tilpassa dei som skal bu her, og det er lagt opp til ein god arbeidskvardag for dei som skal jobbe her. Begge deler er viktig for oss, seier helse og førebyggingsleiar Jorid Vea Isdahl.

Stegaberg i rute
Ein kort kjøretur vidare og gjengen er samla utanføre omsorgsbustadane på Stegaberg.
– Så flott det er blitt, kjem det spontant frå fleire og Haaland smiler lurt under hjelmen. Det er eit prestisjeprosjekt, som var mykje omtala før det blei vedteke. Nå er dei aller fleste einige om at dette var eit lurt val.
Som på Stølsberg viser Haaland alle rundt. Viser små og store rom. Leilegheiter med terrasse og mykje luft. Han fortel om fellesareal og areal for drift.
– Me er i rute her også og satsar på å vere ferdige til same dato som på Stølsberg. Nå er husa tette her også, så då er det berre å finne fram kaka og ha kranselag. Som på Stølsberg er det lagt vekt på å utnytte arealet på best mogleg måte for dei som skal bu her, og for dei som skal jobbe her. I tillegg har med gymsalen her, som også skal kunne nyttast av naboane. Eg trur me har fått til noko bra her, seier Haaland og får spontant støtte frå gjengen som er på synfaring.
Leilegheitene er husbankfinansierte og er laga i betong og tre. Dei skal vere lette å ha vedlikehald på og er byd av fleire små lokale leverandørar.

«Myra» på Fjellhaug
Når ein først er på «tur» kan det vere greitt med ei nyheit langs vegen. Stoppestaden er den gamle fotballbanen på «Myra» på Fjellhaug.
– Her skal me nå lage politisk sak om å legge det omtala dag- og aktivitetssenteret her. Me meiner dette er den perfekte plassen, med nærleik til Vepro og til dagens areal som er litt spreidd rundt. Målet er å bygge eit funksjonelt bygg, som også lag og foreiningar skal kunne nytte seg av. I tillegg til dei romma senteret vil trenge, skal der lagast til grupperom og møterom. Bygget kjem her me står på fotballbanen. I sør skal me bygge opp dei fellesareala som er, med ei fotballøkke og ein leikeplass. Turstien skal også rustast opp. Det er i alle fall målet og bestillinga. Innkjøringa blir frå nord gjennom den leikeplassen som var der tidlegare, seier prosjektleiar Kjell Bjørkheim.
Leiar på Vepro, Nils Stråtevit smilar som ei sol når Bjørheim fortel om planane.
– Dette er på tide og plasseringa av dette tilbodet har vore ein kasteball alt for lenge. Det har vore snakk om både her og der, men dette området er heilt perfekt. Her skal det ikkje vere gjerder eller noko som hindrar fri ferdsle. Aktivitetane på dagtid kan følgast opp om kvelden gjennom lag og foreiningar som treng lokale. Dette er ein vinn-vinn situasjon, smilar Stråtveit.
– Kva tidaspekt ser ein føre seg her, Bjørkheim?
– Målet er å ha ei politisk sak i haust. Når me får pengar over budsjettet kan me ta det vidare og få teikna eit bygg. Me er heilt i startgropa, men det var godt å få på plass lokaliseringa.
– Nå heiter dette området «Myra». Kva veit ein om det som er under beina våre her?
– Det har vore målingar og ein treff på fjell fem til seks meter nedi myra. Me ser føre oss ein kjellaretasje og då må det vekk likevel. Me får sjå kva dette kostar før me seier for mykje om innhaldet i dag- og aktivitetssenteret, men at det blir over to etasjar, det er me rimeleg sikre på, seier Bjørkheim.
Også her er det moglegheiter for husbankfinansiering.
– Det ein skal vere klar over er at mange av dei tidlegare ideane var å lappe på gamle bygg, eller å flytte til områder der det ikkje var klart for eit bygg. Her er det flat mark, noko som gjer at ein har eit heilt anna utgangspunkt, seier Jorid Vea Isdahl.
– Og det betyr også pengar spart?
– Ville ikkje overraske oss, seier Vea Isdahl og Bjørkheim.
Tomta er kommunal og går alt etter planen kan det bli byggestart allereie i 2019.