Om alt som fungerar

Når ein les aviser, også Bygdebladet, så kan ein av og til få ei kjensle av at det er mykje som er gale her i verda. Og det er det sikkert også.

Forventningar me har til det offentlege er ofte langt over det dei klarer å levere. Av og til skuldast det mangel på kunnskap, andre gonger er det meir tilfeldig. Det er likevel viktig at ein følger med, og har lys på dei tenestene som det offentlege er sett til.
Men det er heva over tvil at mykje av det «dei» driv me også er svært så bra. Jamleg får me invitasjonar til seminar og fagdagar der fokus er på både dei yngste, og dei eldste i kommunen. I morgon er det demensdag, og snart blir det arrangert seniorperler. Sist helg var det «Babeluba» for dei yngste, og snart arrangerer kommunen i samarbeid med mange andre, det nye tilbodet C.H.A.S.E, ein dag der ungdommane er i fokus.
Men det er også slik at tilbod som passar for ein, ikkje passar for den andre. Lokalavisa blir av og til eit filter der ein kjem med sin frustrasjon og uvisse. Ofte handlar dette om uvisse knytt til helse- og alderdomstilboda. Det kan som meinigmann vere vanskeleg å skjøna kva dei som styrer tenker. Kva rettar ein har og kva tilbod som finst.
Difor er desse treffpunkta som seniorperler og demensdagar viktige. Både for brukarar, men også for dei tilsette som skal møte desse spørsmåla, og spreie informasjon.
Den siste veka har eg fått to tips som viser at dette er vanskeleg. Det handlar om eldre som bur heime, meir eller mindre frivillig. Den eine takkar for det gode tilbodet som er i kommunen, og er så glad for at mora kan bu heime, sjølv om ho treng litt hjelp. Den andre er bekymra for mor si som sit der heime aleine, og kjenner på eit press. Dei har ein liten familie som ikkje kunne stille opp heile dagen, og det var vondt å sjå mora sitte der.
Det er same tilbodet, men som ein ser to forskjellige oppfatningar av.
Difor er det godt å vite at dei som jobbar i denne tenesta gjer ein imponerande jobb, og tidvis strekk seg langt utover det ein kan forvente i heimetenesta. Så er det viktig at ein luker ut dei som dette tilbodet ikkje er bra for, og finn betre løysingar for denne gruppa brukarar. Perfekt kan det aldri bli, men det er verdt å bruke ressursar på å bli best mogleg.
Og der er faktisk Tysvær på rett veg. Det er bevist, men det er heller ikkje nokon kvilepute. Sjølv eit fantastisk godt tilbod, vil ha nokon som fell utanfor. Dei må ein også få med. Om det er alvorleg sjukdom, einsamheit, demens eller andre lidingar som styrer i livet deira, så er desse viktige tysværbuar, som meg og deg.
Det er spennande dagar me går inn i denne helga i og rundt Tysværtunet.
Lukke til alle som jobbar med både demente, og ikkje minst seniorane våre.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør