For eit par år sidan var han på Verkstaden og hadde konsert. Det var så vellukka at han nå er tilbake, saman med Kjell Martin Sirnes (trommer) og Vegar Valde (bass).
– Eg hadde ei svært fin oppleving då eg var der sist, og hadde skikkeleg lyst til å komme tilbake. Eg skriv og syng på dialekt innan visepop, og det er ein sjanger som har litt medvind om dagen. Etter at Odd Nordstoga slo gjennom har det vore kjekt å vere i same gate, seier Dyrud.
I vinter kom Dyrud si andre viseplate ut. «Under sola, gjennom regnet» inneheld ti songar som har i seg mykje av det folk forbinder med det gode liv på landet.
– Songane handlar om kjærleik og sakn, jordbruk og håp, foreldreskap og årstider. Musikken famnar eigentleg vidt. Eg har ein allsidig bakgrunn og det finn ein gode døme på i musikken min. Dette er feelgood for absolutt alle. Eg kjenner meg litt heime i Tysvær. Var faktisk på ferie på Stemnestaden i sommar, og eg og kompisen min Lars Johannes Liknes har ei fast veke i året der me møtest. Han og kona Kari er sjølvsagt med på å legge til rette for denne konserten, og Kari skal også vere med å synge på ein av songane, seier Dyrud.
Sitt eige
Torbjørn Dyrud er ein allsidig musikar som har vore med på ei rekkje oppsettingar på Toten, mellom anna saman med den kje de komikaren Gustav Nilsen. Sidan 2010 har Dyrud fokusert meir på sitt arbeid med eigne viser på totning. Plata «Detti er heme» ble utgitt våren 2013.
– Det har vist seg at folk liker å høyre om det kvardagslege, om dei små og store tinga i livet. Å kunne formidle dette på dialekt har vore stort for meg. Nå har eg med meg to musikarar, og det er ein «tett» trio som gjestar Verkstaden, ein konsertstad som eg verkelg hadde sansen for. Så nå håper eg at mange både kjente og ukjente kjem innom og lyttar. Det er første gongen me er på turné med dette repertoaret, så det hadde vore moro med skikkelege tilbakemeldingar, seier Dyrud.