Søndag kveld fekk publikum i Nedstrand kyrkje oppleve ein flott konsert med det lokale bandet HOWDY og Solveig Leithaug med fleire. Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust
Søndag kveld fekk publikum i Nedstrand kyrkje oppleve ein flott konsert med det lokale bandet HOWDY og Solveig Leithaug med fleire. Foto: Ingvild Rørtveit MyklebustBilde 1 av 9
IMG_8561
Bilde 2 av 9
IMG_8570
Bilde 3 av 9
IMG_8578
Bilde 4 av 9
IMG_8581
Bilde 5 av 9
IMG_8599
Bilde 6 av 9
IMG_8604
Bilde 7 av 9
IMG_8626
Bilde 8 av 9
IMG_8632
Bilde 9 av 9

Leithaug og HOWDY leverte

Søndag gjesta Solveig Leithaug og HOWDY Nedstrand kyrkje. Det blei ei flott konsertoppleving, der røter var eit sentralt ord. Både i Norge og USA.

HOWDY spelte fleire eldre låtar med historie, men også nyare songar. Mellom songane fortalte Oddvar Helgeland litt om historia bak musikken.
Dei fengande country-tonane til HOWDY fylte kyrkja, og publikum var tydeleg begeistra for det dei høyrte. Dei lokale musikarane trylla fram imponerande soloar på både gitar og banjo gjennom konserten.

Etter ein halvtime med godbitar frå HOWDY, var det Leithaug som inntok scena. Ho hadde også med seg dottera Kari Leithaug og Ingrid Leithaug Mjanger.
Solveig Leithaug song viser frå sin barndom, og ein fekk høyre både salmer og nyare musikk. Noko var også eigenskrivne tekstar frå tidleg i karriera til artisten.
Leithaug spelte gitar, og sette seg også ved pianoet på nokre av songane. Stemmene til dei tre kvinnene både saman og kvar for seg var nydeleg, og det var berre å lene seg tilbake og nyte.

Som eit siste innslag i konserten fekk ein eit fellesnummer med Leithaug, dottera Kari, Ingrid Leithaug Mjanger og HOWDY. Dette er det ikkje kvar dag ein får oppleve i Nedstrand kyrkje, og publikum sette stor pris på denne kombinasjonen og reiste seg i trampeklapp for artistane.
Vel 100 personar var på konserten, og den var ein del av feiringa av Nedstrand kyrkje sitt 150-årsjubileum.