Aleksander Gundersen scoret ett mål, men var ellers lite med i spillet mot Voll som vant 5-2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Aleksander Gundersen hadde ein god periode og skåra fleire mål. I kveld må han finne fram skåringsforma igjen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skjold – Randaberg – meir enn ein trepoengar

Skjold og Randaberg har hamna langt nede på tabellen etter 20 kampar. I kveld vil eitt av laga få seg ein opptur.

Skjold og trenar Tor Martin Hegrenes såg tidleg teikninga mot eit sterkt Sandnes Ulf 2, og aksepterar at det blei 0-1-tap, tysdag. Men i kveld er det Randaberg og ein heilt ny kamp.
– Då kan me ikkje legge oss bakpå, men må styre spelet og angripe. For oss held det ikkje med uavgjort lengre, me må vinne. Og me må vinne nå som det blir sagt. Skal me klare det må me springe meir enn dei, vere smartare og skåre fleire mål enn Randaberg. Det er ikkje umogleg, men me har hamna i ein situasjon der det er stress i kvar kamp. Vinn me kan det meste snu. Slik er fotball, seier Skjold-trenaren.
Skjold har ei terminliste som viser at dei møter fleire av dei aller beste laga i starten av haustsesongen. Difor er det håp.
– Det som er litt «dumt» med det, er at ein får lite poeng med seg inn til dei siste kampane, og dermed blir stressa av det. Men me veit at me har både kvalitetar og kampar nok til å redde oss sjølve. Og blir me liggande her på kvalikkplassen, så skal me møte dei nest dårlegaste i den andre pulja til kvalikkampar. Så heilt beksvart er det ikkje, sjølv om det tidvis kjennest litt slik ut, seier Hegrenes.

Lyg ikkje
Og han er krystallklar på at tabellen ikkje lyg.
– Nei, me har vunne tre av 20 kampar. Då blir ein liggande der. At me ikkje har tapt meir enn halvparten viser at uavgjort ikkje kan målast mot siger.
– Korleis ser troppen ut til fredagskampen?
– Me kjem med toppa mannskap og alle mann. Met er berre litt smårusk nå, men nå kan me ikkje skulde på jobb og skader lengre. Me stiller det beste me har, så får me sjå om ikkje litt ro rundt det kan gi oss poeng, avsluttar Tor Martin Hegrenes.

Skjold – Randaberg Grinde kunstgras klokken 19.00
Her er Skjold sin tropp:
(18 spillere):
Aleksander Gundersen
Berge Ohm
Daniel Aarås
Gabriel Holden
Gøran Kallevåg
Halvor Hansen
Hilberg Nemeth
Håkon Bådsvik
Jonas Risanger
Jomar Skrunes
Jonas Wergeland
Marco Passera
Mats Steinsland
Morten Bådsvik
Petter Haraldseid
Sander Hettervik
Sondre Bådsvik
Vegard Steinsland

Ikke i tropp:
Håkon A. Waage
Håvard Spartveit
Jonas Staurland
Ole Johan Skare
Sebastian Nesheim
Sindre Herland
Tollak Gismarvik