Zekiye Nyland var på Island og blei på nytt nordisk meister i vektløfting. Ein råsterk prestasjon med tanke på skade i skuldra, og dei utfordringane som er knytt til det.
I helga var me også ein tur innom det nedslitne ridesenteret på Skeiseid. Nå er dei siste brikkene på plass, og eit nytt regionsenter er ikkje langt unna. Driftige jenter og damer der også, som både tar seg av det administrative, og det sportslege. Det var ei ekstra flott oppleving å sjå ei av Norden sine beste distanserytterar, Ellen Annette Mogensen Gutubakken, ri ritt saman med klubben sine nye talent. Det er slik ein rekrutterer nye ryttarar for framtidig sportselg vekst i klubben.
Eit par steinskast unna ridesenteret møttest Stegaberg/Skjold og Kolnes til årets siste seriekamp i 4. divisjon.
Samarbeidet mellom dei to Tysvær-klubbane har vore ein formidabel suksess. Gode trenerar, god lagleiing, og full støtte i begge klubbane har gjort at jentene har kunne utvikle seg vidare. Dei er blitt alt for gode for 4. divisjon, og all spenning om opprykk har forsvunne for lengst. 15 strake sigrar er imponerande og 97 skåra mål i desse kampane det same. rett nok har dei måtte «lide» seg gjennom ein del sjuarkampar, men årets sesong har vore strålande.
Like strålande er nyhenda om at dei neste år skal samarbeide med Falkeid. Dei har også lagt bak seg ein god sesong, og ligg midt på tabellen i den langt tøffare 3. divisjonen. Då dei tre klubbane hadde trening saman sist veke, var det ein historisk augneblink. Det betyr i praksis at alle dei beste damene i Tysvær nå er under same fane, og blir eit slags FK Tysvær på kvinnesida. Det hadde aldri gått i herrefotball, men her har klubbane sett ei moglegheit som gjer at ein både får eit betre sportselg tilbod, men også mykje meir merksemd.
Det er mogleg det er fotballen som inspirerer, for samstundes som jubelen over suksess på fotballbana når oss, har også handballfolket dei same planane. Også her har det vore samarbeid før, men nå vil ein også satse på eit samarbeid i dei eldste årsklassane.
Med ein ny handballarena i søre-Tysvær vil ein over heile kommunen ha eit godt grunnlag for rekrutteringsarbeid. Så kan seniorane og eventuelt utvalte samarbeidslag i aldersbestemt handball slå seg saman, som kommunen sitt flaggskip.
Det er berre å gratulere jentene i Tysvær. Og ikkje minst dei kvinner og menn som står bak alt det som må til for å lukkast. Det er ikkje så reint lite i 2018.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør