Joggedag på Førland skule.
Joggedag på Førland skule.

Jogga for Nepal

Det er fint med tradisjonar. Joggedag om hausten er ein av tradisjonane på Førland skule.

Rundløypa på nesten 1 km blir unnagjort , runde på runde. Elevane har sjølv skaffa sponsorar, enten med faste beløp eller ein sum pr runde. Dette blir det pengar av!
Som i fjor og fleire år før skal pengane sendast til Elim Kids Academy, ein skule i Nepal som har høg kvalitet, men som er heilt avhengig av støtte utanfrå. Skulen har elevar frå 7 forskjellige land, og frå alle lag av folket. Mange har ikkje foreldre som kan betale det det kostar å gå på skulen.
Det var glede og entusiasme som prega joggedagen, onsdag 26. september. Sjølv om det var meldt pøsregn var det ikkje altfor vått. Meny sponsa med saft og frukt, og Fau, foreldre og besteforeldre stilte med god hjelp. Å dele gleder er å få gleder! Derfor er det kjekt med joggedag!