Stien på Helgelandsfjellet

Eg vil rette ein stor TAKK til frivillige som tilrettelegg stien til Helgelandsfjellet med grus- og stein.

Bygdebladet hadde for ei tid tilbake eit lesarinnlegg der ei eller ein joggar gav utrykk for stor misnøye med grusing av stien frå ball-løkka i Førresdalen opp til Helgelandsfjellet. Leserinnlegget var ikkje underteikna med navn*, ingen har tatt pennen fatt til motmæle.

Takk til dugnadsgjengen som i ei årrekke har tilrettelagt denne stien med steinar og grus. Ingen stigning opp til ein fjelltopp – med slik ei utsikt – er så kjekk å gå på. Stien er nærast som ein miniatyr av Dronningstitrappene sherpaene har lagt i Ullensvang. Uansett vær og vind, me slepp å vaske fjell- og joggesko etter ein tur til Helgelandsfjellet. Her går me tørrskodd og kjem oss opp, ung som gamal. Hadde ei mor til dømes tatt med fireåringen og ein bestefar tatt med femåringen dersom dei ville gli og vassa i blaut jord?

Om stien ikkje var god å gå på, ville speidargruppa med 7 -10 åringer tatt turen opp ein regnværsdag? Eg traff ein heil gjeng av dei i går. Stien er så godt tilrettelagt at alle også kjem trygt ned att.
Dei frivillige som ber opp grus er kandidatar til pris og stor takk for frivillig innsats!

Førre 26.09-18
Målfrid Tjoland Kolnes

* Det var en redigeringsfeil av oss i Bygdebladet som gjorde at navnet på innsenderen Eilif B. Thorkildsen hadde falt ut. Han står frem med fullt navn på våre Facebooksider der debatten har gått, etter innlegget.