BLIME: 	Heile skulen dansa blime-dansen og fekk føresette med på å røre seg til musikk under Open dag.
BLIME: Heile skulen dansa blime-dansen og fekk føresette med på å røre seg til musikk under Open dag.

Aktiv haust på Straumen skule

Vekene fram mot haustferien var full av aktivitet på skulen i Skjoldastraumen. Ikkje minst med PALS-veke, Realfagsveke, Open skule og Skulejogg.

Av Morten Salvesen, rektor
Dei 88 elevane samla då inn heile 30.200 kr!
At tida går fort er ofte eit kjenneteikn på at ein har det kjekt. Og det har me på Straumen skule. Det har vore herleg å sjå alle dei flotte elevane denne skulestarten. Her er ei lita oppsummering om kva som rører seg på skulen.

Ganske tidleg i haust hadde me PALS-veke med repetisjon av ti forventningar om korleis me skal vere med kvarandre. Me øver på å ta gode val som gjer det godt og trygt å vere saman på Straumen skule – og elles i livet. Målet er å gjere kvarandre gode. Forstå at alle er gode – på kvar sine måtar. Me er alle annleis, forskjellege og unike. Det skal me respektere og setje pris på. Me øvde også på dette gjennom leiketimar og ein kjekk natursti med grupper satt saman med elevar på tvers av trinna i 1.-7. klasse.
Denne hausten har me så langt prøvd å ha eit ekstra fokus på timar med mykje elevaktiv undervisning. Både i skule og SFO har me vore mykje ute. I skogen satt me opp lavvo igjen, og det har vore fisking og garntrekking. Både ute og i klasseromma er det både læringsglede og læringstrykk. Øving må til skal me bli flinkare og fleksible nok til å møte og meistre framtida best muleg.
Veka før haustferien var det realfagsveke på Straumen skule. Då var det mange forsøk, eksperiment og praktiske oppgåver innan naturfag, matematikk og IKT. På måndagen hadde me ein flott opning med fysikk- og kjemidemonstrasjon av Inge Christ frå Universitetet i Stavanger. Tysdagen hadde me Open skule på ettermiddagen der føresette var med i undervisninga og gjorde varierte læringsoppgåver saman med elevane. Fredag avrunda me veka der Kari Fjellet og Lene Bjordal, ansvarlege lærarar for realfagsveka, samla alle til oppsummering og stilig show med diverse forsøk.

Midt i september hadde me også den årlege Skulejoggen – i godt samarbeid med FAU. Elevane hadde ein kjempeinnsats, og no er innsamla beløp klar til å sendast vidare. Heile 30.200 kroner klarte dei 88 elevane på Straumen skule å samle inn til eit skuleprosjekt for foreldrelause born i Zambia. Det er me svært stolte av!

No ser me fram mot vidare aktiviteter. Ikkje minst mot juleshowet 13. desember.

BALLONGRAKETT: Forsøk med å lage ballongrakett var ei av mange oppgåver føresette og elevar gjorde saman på Open dag. Her i 2. klasse.

MENTOSFORSØK: Kva brus reagerer mest på Mentos? Lærar Kari Fjellet sjekkar det for alle.

MATTEFRISBEE: Matematikk og kast med frisbee var populær oppgåve i realfagsveka.

LEIKESTASJONAR: Stor aktivitet i skulegarden under PALS-veka.

KOR HØGT ER TREET? Med base i lavvoen gjekk elevane ut i skogsområdet og løyste ulike oppgåver.

STEINBYGGING: På naturstien sjekker lærar Lene Bjordal kor høgt gruppa har klart å byggje med stein på kort tid.

SLØYER FISK: 5. kl hadde ein fiskedag i nærleiken og fekk lære å sløye fisken dei fekk på fiskestanga

SKULEJOGG: Stor innsats blant elevar og vaksne på årets Skulejogg. Her er lærar Guro Foss Knutsen i gong.

SAMARBEID: Lærar Jan Øvernes utfordra elevgruppa til å få heile laget over eit hinder på naturstien.

FYSIKK OG KJEMI: Inge Christ frå Universitetet i Stavanger demonstrerte korleis stoffer heng saman og reagerer på kvarandre.