TV-aksjonen på sundag engasjerer også ungdomsskuleelevane på Frakkagjerd.
– Me har dei siste vekene jobba med å stikke dei etter kvart kjente skjerfa i oransje, og akkurat nå, tysdag, så har me passert 40 meter med skjerf. Fredag gir me dei til Kirkens Bymisjon slik at dei kan dele ut og varme nokon som treng det seier lærar Knut Frøyland.
Tok av
Hedda og Ida Haavelmo er to av omlag 30 elevar på valfaget innsats for andre på 8. trinn.
– Me har fått med oss dette, og det er kjekt at også me kan vere med å bidra. Me meiner at heile klassen har stilt skikkeleg opp og jobba hardt. Dei dette går til treng det verkeleg, og då er det litt stas at me har vore med. Me trur dei fleste har fått med seg at Kirkens Bymisjon har året aksjon, og alle veit garantert kva TV-aksjonen er, seier tvillingane og viser oss skjerfet dei har strikka.
Frøyland gjer det soleklart at han ikkje står bak strikkinga og bad fint om hjelp til å gjere sluttarbeidet på skjerfa. Og respons fekk han med ein gong. Ingen tvil om at dette er eit teamarbeid.
– Dei har også skaffa seg personlege sponsorar som har gitt dei pengar til garn. Så veit me at dei pengane også går til aksjonen, så her er det bare vinnerar, seier læraren og samlar gjengen til fotografering.
Og dei viser godt igjen der dei står og viser fram arbeidet sitt.
– Oransje er ein kul farge, og det er kjekt at dei brukar den. Hadde vore trist med blått eller svart. Nå veit alle kva dette handlar om, og me er kjempeglade for at me fekk være med på dette prosjektet. Me bryr oss om andre, det er derfor me har dette valfaget, seier Ida og Hedda.
Opne døra
I desse vipps-tider er det mange som ikkje har kontantar heime når bøssebærerane kjem på søndag frå klokka 15 og utover. Likevel blir ein oppmoda til å opne døra og motivere dei som går rundt. Å gå rundt frå dør til dør utan respons er ikkje kjekt.
– Me har store forventningar til aksjonsdagen og tjuvstartar allereie i morgon kveld med ein flott og lokal konsert i Aksdal kyrkje. Der er det fleire av dei mest populære og beste Tysvær-artistane som stiller opp for TV-aksjonen. Søndag er det full rulle i heile kommunen, der sokneråda tar seg av organiseringa av bøssebærerane. Sjekk med ditt sokn om dei har nok folk. Dette skal me klare, seier varaordførar Ola S. Apeland.
Målet for Tysvær er å nå 700.000 kroner.
Du kan følge oppteljinga på våre nettsider frå klokken 17 på søndag. Vi tar i mot krets etter krets og gir deg resultata frå din skulekrets.