Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Til Tysvær for å snakke om Kongo-marerittet

17. oktober kjem mora til dødsdømte Joshua French, Kari Hilde Hodne French til Tysvær for å dele si sterke historie.

Av Mona Terjesen
Det har gått meir enn ni år sidan marerittet i Kongo skjedde. Mai 2009 blei eks-soldatane Joshua French og Tjostolv Moland fengsla og dømt til døden for drap i den sentral-afrikanske republikken. Dei to var på veg til diamantbyen Kisangani og skaffa seg ein sjøfør, Abedi Kasongo. To andre passasjerar satt på, og 109 kilometer frå Kisangani blei Kasongo skutt.
Moland og French hevda at bilen blei angripen og skote på i eit bakhald. Dei fortalte at dei rømte ut i jungelen mens bilen blei angripen, og at dei fann sjåføren drepen då dei kom tilbake. Dei drog liket hans utav bilen og kjørte vidare. Dei to andre passasjerane hadde ein annan versjon av det som skjedde. Dei meinte at det var Moland som hadde skote Abedi Kasongo.

Livendrande telefon
Dette var altså bakgrunnen og årsaka til at Joshua French og Tjostolv Moland blei dømt.
Kari Hilde Hodne French, mor til Joshua fekk telefonoppringinga 11. mai 2009. Då fekk ho vite at sonen og kameraten var fengsla i Kongo. Den dagen starta det som verka som ein endelaus kamp for å få dei to nordmennene fri.
I boka «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten», deler Kari Hilde Hodne French si historie. Ein får lese hennar sterke versjon av korleis ho følgjer rettssakane, besøker slitne kongolesiske fengsel, møter nyttige støttespelarar, tungrodd byråkrati og maktpersonar i alle variantar.

Fullt hus
I 2013 dør Tjostolv Moland 32 år gammal. Fire år seinare blir Joshua sleppt fri. Utan mora sin innsats er det ikkje sikkert han ville overlevd.
Boka blir beskrive som ei historie om heltemot, overlevelse under umenneskelige press, og om ei mor sin ubetinga kjærleik.
17. oktober kan du få møte Kari Hilde Hodne French og høyre hennar historie. Biblioteket i Aksdal har invitert henne til eit boksamtale med Tysvær Bygdeblad-redaktør Alf-Einar Kvalavåg.
– Planen var å ha det i Fredrikke-salen i biblioteket, men det blei fullt med ein gong, så arrangementet er flytta til storsalen. Dette er ei svært spesiell bok og ei sterk historie som mange ser viktigheita av å få med seg. 26. oktober kjem det også ut ein film om hendinga. Det kjem stadig fram nye ting og Kongo-saka vil vere viktig i lang framtid, seier Kvalavåg som ser fram til samtalen med Hodne French.

Ein del nytt
Ein kan vanskeleg førestille seg denne mora sin kamp for sonen sitt liv. Under samtalen i Tysværtunet fortel Kvalavåg at ein vil både få innblikk i det som står i boka, meir om oppveksten til Joshua, familielivet, møte med menneske, Kongo som plass og mora si oppleving oppi det heile.
– Ein får ein del ny informasjon. Og ikkje minst får me høyre korleis det har vært etter at Joshua kom ut av fengselet og heim til Norge. Dette blir eit sterkt møte og ei sterk historie, avsluttar redaktøren.