Etter ein treg start på sesongen har ikkje juniorlaget til Skjold tapt i serien eller cupen sidan tidleg i vår. Laurdag om ei veke spelar dei semifinale  i OBOS-cupen.
Skjold er klar for semifinale i OBOS-cupen.

Skjold- junior til finalen i Obos-cupen

Med målgaranti kom det bra med publikum på semifinalen i cupen mellom Skjold og Sandnes Ulf. Med to hattrick i semien blir det finale for Skjold junior den 4. november i Randaberg Arena etter ein overbevisande 7-1 seier.

Både René Wiklund og Petter Steinsland skåra 3 mål i ein kamp som var jamn ei stund i første omgang men som utvikla seg til ein parademarsj for Skjold. Tremålskårar Petter Steinsland seier at han har aldri skåra så mange mål i ein kamp og at det er heilt fantastisk å kome til finalen. Vanlegvis er han ikkje så målfarlig, difor var det ekstra gøy å skåre i denne kampen.
Renè Wiklund skåra óg 3 mål. Blant anna eit flott frispark frå 25 meter som gjekk i krysset. Kraftspissen frå Nedstrand seier at han jakta inn i bak forsvaret heile kampen og synes at det var ein kjekk kamp å spele. 4-1 blei skåra av kaptein Åsmund Håheim på eit flott frispark som smalt i nettet frå 30 meter.
Oppkvinna Mari Rønnevik er i fyr og flamme over finaleplass og gledar seg saman med to søner på laget at Skjold-junior er i finalen. Trenar Lars Helge Kvinnesland har leda laget til gode resultat, og om laget vinn finalen har han vunne trofé kvart år som trenar for juniorlaget. Hvis A-laget gjer jobben på tysdag blir det dobbelt finale for klubben den fyrste helga i november.
I den andre semifinalen, som går i morgon er det Midtbygdens 1 – Frøyland som møtast.

Ståle Berge