Dag Olav Husås , Thor Erik Helgesen, og Håvard Rasmussen i bandet «Ring Van Möbius» har laga filmmusikk som skal spelast live under Skrekkfesten i Tysvær.  Det er det mange som gleder seg til å høyre.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Olav Husås , Thor Erik Helgesen, og Håvard Rasmussen i bandet «Ring Van Möbius» er blitt kåret til vinner av årets debutplate i Prognytt.

Må ta i bruk storsalen

Dag Olav Husås , Thor Erik Helgesen, og Håvard Rasmussen i bandet «Ring Van Möbius» har laga filmmusikk som skal spelast live under Skrekkfesten i Tysvær i kveld. Det er det mange som gleder seg til å høyre. Så mange at filmen må visast i storsalen.

– Det er kjekt at folk vil høyre oss. Slik det ser ut nå hadde det blitt for tett i blackboxen. Me regnar med at det kjem folk og kjøper billettar i døra også, seier Håvard Rasmussen i bandet «Ring Van Möbius».
Dermed har dei opna boxen og inviterar til Skrekkfest i storsalen.
Årets Skrekkfest går heile helga i Tysværtunet.

Les meir om «Ring Van Möbius» i denne saka: https://tysver-bygdeblad.no/2018/10/13/spelar-opp-til-skikkeleg-skrekkfest/

Les meir om skrekkfesten i denne saka: https://tysver-bygdeblad.no/2018/10/24/tysvaer-skrekkfest-norges-hyggeligste-filmfestival/