PRESSEMELDING: Det er stor støtte frå lokallaga for Bergsvåg som fylkesordførarkandidat. Bergsvåg, som opprinneleg er byggmeister, kjem frå Vindafjord kor han var ein svært populær ordførar i fleire periodar. Bergsvåg er nå gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget og leiar av samferdselsutvalet
Som nummer to på lista innstillast Hanne Marte Vatnaland frå Gjesdal. Vatnaland arbeider som lærar og er 1.vara til stortinget og møter som fast vara i fylkestinget. Som nummer tre på lista innstillast Jarle Bø frå Randaberg, Bø arbeider til vanleg som næringssjef i Hå.
Leiar av nominasjonskomiteen Odd Arild Kvaløy er svært nøgd med engasjementet i organisasjonen og det endelege listeforslaget.
– Me meiner at me innstiller på ei svært solid og god liste med mange dyktige kandidatar. Denne lista sikrar ein god balanse av ulik kompetanse, alder, kjønn og geografi. Vi er svært nøgd med at vi har så mange dyktige kandidatar som ønsker å stå på lista og gjere ein innsats som folkevald for heile fylket, sier han til Senterpartiets heimeside.
Åse Berit Rolland (13 pl.) og Sven Ivar Dybdahl (41pl. ) er også på listen, som totalt har 53 navn.
Her er topp 10:
1. Arne Bergsvåg Vindafjord 1958
2. Hanne Marte Vatnaland Gjesdal 1989
3. Jarle Bø Randaberg 1979
4 Sandra Skarholm Senterungdommen/Vindafjord 1994
5 Alf Henning Heggheim/Sigmund Slettebø Strand/Eigersund 1972/1960
6 Sigmund Slettebø/Alf Henning Heggheim Eigersund/Strand 1960/1972
7 Dagny S. Hausken Rennesøy/Stavanger 1963
8 Berit Søvik Østerhus Hjelmeland 1961
9 Wenche Lindtner Karmøy 1965
10. Katrine Sægrov Sandnes1974