Arnt Kåre Rolland , Åse Berit Rolland og Marit Lothe inviterer forfattarar og gjester over dørstokken under bLEST til hausten. 
Foto: Lillian Rushfeldt
Arnt Kåre Rolland , Åse Berit Rolland og Marit Lothe inviterer forfattarar og gjester over dørstokken under bLEST i morgon..

Fortsatt plass «Over dørstokken»

Agnes Matre og Geir Tangen kjem til Apeland i morgon. Kaffien er klar og det er framleis ledige plassar.

Eg har likt å sjå på og lese krim sidan eg gjekk på barneskulen. Å lese Agatha Christie var som å kome heim, og då foreldra mine og eg møtte David Suchet i 2010, visste eg ikkje kvar eg skulle gjere av meg. Eg hugsar at eg vart så overvelda etter å ha møtt han, at eg stod utanfor teateret i London og grein, og då kom Zoë Wanamaker (Ariadne Oliver!) bort til meg og trøysta meg.

Med denne krimkjærleiken i bakhovudet, så er det ikkje rart at eg gler meg til bLEST Over dørstokken på Apeland! søndag 11. november klokken 17.00! Ikkje berre får eg møte og høyre Haugalandet sine eigne krimforfattarar, Agnes Matre og Geir Tangen, fortelje om dei nye bøkene sine, men i tillegg skal eg få lov til å lese nokre av mine eigne tekstar. Dette vert så bra!

Dagane går fort, så eg vil anbefale alle som har lyst til å ta turen, til å kjøpe billett så snart som mogleg.