– Såg du det?

Tysvær har dei siste dagane fått mykje spalteplass både her og der. Bråk og slåssing, barnevernstenesta og byggesaker er dessverre på mange måtar godt stoff.

På diverse nettstader som Twitter, Instagram og spesielt Facebook (FB) dukkar det opp meir eller mindre saklege innlegg, og ein del av dei, faktisk ganske mange, er det noko i. Det har politiet skjønt, for dei opnar nå ein chat der ein direkte kan ta kontakt om stort og smått. Målet er å få innblikk og tips i kva som skjer rundt om i det etter kvart store og uoversiktlege Sør-Vest Politidistrikt. Dei meiner Facebook er ein ressurs.
Det meiner ikkje Tysvær kommune. Dei tilsette der har ingen eller svært grensa tilgang til «Fjesboka». Det kan vere fleire grunnar til dette, men at dei tilsette må inn på mobilen, eller vente til dei kjem heim for å kunne nytte dette, som mange kallar eit hjelpemiddel er for meg svært rart.
Ta til dømes bråket ved og rundt Avanti i helga. Der kom det raskt både bilete og kommentarar på diverse sider på FB. Ikkje alle like seriøse på ein fredagskveld, men svært mange interessante betraktningar. Frå ungdommar, frå føresette, frå folk som bryr seg om ungdommen. Eg vil ikkje bruke namn denne gongen, men fleire av dei me tok kontakt med, og ville ha kommentarar frå, hadde ikkje fått med seg dette. Dei manglar eit viktig bilete av korleis situasjonen var, og er.
– Me held oss til det dei tilsette seier… Hallo. I ei sak som engasjerer så mykje må ein faktisk ta i bruk alle kanalar for å danne seg eit best muleg bilete. Joda, dei har fått det med seg nå, men å skulde på at dei ikkje orkar å følge med på alt som skjer på FB, blir berre ei unnskyldning for at dei ikkje orkar å vere med å leite etter informasjon.
Ein annan Facebook-føljetong er den mykje omtala barneversaka i Tysvær. Eller sakene. Her er det mykje direkte tale blant folk. Ein kan godt forsvare seg med at ein også her berre held seg til fagleg fakta, men nok ein gong… Hallo. Skal ein jobbe med slikt må ein forvente at ein også lyttar til dei som er mest fortvila, som skrik høgast og som både har heilt rett og heilt feil. Det er den einaste måten å få det totale bilete. Og det er også på ein tydeleg måte ein pulsmålar. Når folk med fullt namn står fram, og enten takkar barnevernet, eller gjer det motsette, så hadde det garantert vore til nytte at ein del fleire på rådhuset kunne lese om dette.
– Så vil du kanskje spørje; Veit du dette då – at det er så strengt?
Svaret på det er dessverre ja. Men det er unnatak.
Ordførar Sigmund Lier har skjønt det. Han bruker Facebook til både å hente informasjon, til å kontakte innbyggarar, presse og andre han dagleg treng å komme i kontakt med. Han kan på denne måten, som politiet, komme i kontakt med dei som ikkje klarer å lage formelle brev og e-postar. Eller som syter med å slå nummeret til ordføraren sitt kontor. Eg er rimeleg sikker på at han har ein betre oversikt over det som skjer i kommunen, enn dei fleste andre.
Så kan ein sjølvsagt flåsete seie at ordførare ikkje skal sitte på Facebook heile dagen… Vel eg meiner det er ei sjølvfølge at dei som styrer i kommunen må ha tilgang på slik informasjon, som tross alt florerer på nettet. Så får ein heller ha eit fokus på å vegleie dei som bruker opp arbeidstida på å gjere andre ting på nett.
For å svare at eg følger ikkje med på det som skjer det ute i www-verda, den held ikkje i 2018.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør