Framtida eit klikk unna

Det er eit godt teikn at me kan starte advent med smilande fjes på framsida av Bygdebladet.

Og det er faktisk god grunn til det. For eit samarbeid mellom fleire kommunar og Haugaland Kraft er så spennande at me gir det tommel opp før det er komme ut til folket.
Ikkje uventa er Tysvær i førarstolen. Framoverlent som ein kallar det, ser dei store mulegheiter i det som heiter smart city, og som er appar og nettenester som skal få ut ei rekkje informasjon til innbyggarane og gjester i kommunen. Det er også eit system for innsamling av data som på sikt vil gi dei nyttig informasjon, slik at tenestane kan bli endå betre.
Verda er på nett, og mobilen vår er i ferd med å bli ein «god venn». Me bruker han allereie til å betale rekningar, bestille turar, og faktisk til å betale parkering med. Det siste utan angst for å rekke tilbake til automaten før tida går ut. Og slik blir det berre meir av i framtida. Har du ikkje ein oppdatert mobiltelefon eller iPAD er det berre å føre det opp på ønskelista først som sist.
Sjølv om det kan høyrast kjekt ut å få på telefonen både badetemperaturar og andre praktiske tips er det utan tvil rådmann Sigurd Eikje som påpeikar det viktigaste med dette nye overvakingssystemet.
Han trur nemleg, som meg, at her må det vere ein økonomisk gevinst. Kan dette systemet fortelle oss kor og når det skal brøytast eller saltast. Kan det fortelle oss når søppel skal tømmast, eller når det må rykkast ut til tette kummar eller overvatn. I dag blir dette gjort, av og til utan at det er trong for det, og kostar mykje pengar. Det er som Eikje sa då han gjesta oss betydelege innsparingar å hente om dette blir brukt på rett måte.
Det er ein kommentar ein bør merke seg. For når teknikken ligg der, infrastrukturen er på plass, og me har kunnskapen til Haugaland Kraft i ryggen, ja då er det berre trist om ein ikkje nytter seg av det.
Ei digital framtid er spennande også på fleire måtar. Det skaper ein tryggleik, og som gjer at ein lett kan varsle om ein treng hjelp. I dag kan digitale brannvarslarar og alarmknappar varsle utrykkingstenesta raskare enn ein klarer å ringe. Og når ein veit at det ofte handlar om minuttar for å redde liv, vil slike nettbaserte tenester vere gull verdt i framtida.
Så blir presset på Haugaland Kraft og Altibox å levere breiband og nett til alle som vil, i alle krinkar og krokar av Tysvær. For det er ein nøkkel for å lukkast. Det er ikkje gjort i ei handvending, men dei er på gong.
Saman med eigarkommunane ser dei nå inn i ei spennande framtid.
Me er så heldige at me får vere med frå starten av. Det er vert eit stort glis.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør