Er ei unnskyldning for mykje å be om?

”Harde i klypa!” Karakteristikken referer til uttalen frå ekspertutvalet som fekk i oppgåve å evaluera barneverntenesta og samarbeidande tenester i Tysvær.

Eg var til stades under framlegget i kommunestyresalen den 20. november 2018 og har også lest rapporten. Hovudpunkta samsvarer med erfaringane til Ole og Marianne Bjelland. Ole er nevøen min, han vart hausten 2017 anklaga for incest. Dei har vore gjennom heile apparatet, er frikjende i alle instansar og har valt å stå fram med sine erfaringar.

Ja, barneverntenesta har vore harde i klypa, som leiar av ekspertutvalet Alexander Schønemann fleire gonger påpeika. Antal akuttvedtak der borna blir tatt frå foreldra låg langt over landsgjennomsnittet! Gjennomgåande viste barnevernet manglande vilje til nøye å undersøkja bakgrunnen for bekymringsmeldingar, utforska alternative hypotesar, høyra på andre partar og finna tiltak som i større grad tok vare på familien.

2017 var eit topp-år! ”Det kunne ikkje fortsetja slik” sa Schønemann. Han stilte spørsmål ved rettvernet. Ytterst alvorleg!

Ole og Marianne Bjelland tar samfunnsansvar når dei offentleg peikar på manglar i organisasjonen og sviktande støtte frå kommunen totalt sett. Dei snakkar ikkje berre om eigne traumatiske erfaringar; dei snakkar på vegne av mange andre som ikkje har krefter eller ressursar til å tala si sak. På det meir personlege plan kjem behovet for rehabilitering på mange nivå etter grunnlause anklager basert på fordommar, mistydingar, raske konklusjonar og rigide haldningar.

Framlegget i kommunestyresalen vart fulgt av for- og etterord frå ordførar og rådmann. Vakre ord, det står ikkje på det… Behov for openheit, tverrfagleg samarbeid, rapportering til politikarane osb. Men det eine viktige ordet var ikkje der! Kvifor er det så vanskeleg å seia UNNSKYLD i det offentlege rom? Dette gjeld ikkje berre Ole og Marianne Bjelland og borna deira, men alle som er offer for feil behandling frå barnevern og samarbeidande tenester.

”Nå må me leggja dette bak oss og sjå framover” oppsummerte Schønemann. Så lettvint er det slett ikkje! Det handlar om å gjera opp for seg både inn- og utad før ein går vidare, noko som er heilt grunnleggjande i slike prosessar og må inn i dei kommunale prosedyrane. Det handlar om anstendigheit og vanleg folkeskikk.

Synnøve Bredal Bjelland
Aksdal