Den registrerte bruttoarbeidsløysa var på 3,1 prosent ved utgangen av månaden. – Det er også i november flest ledige stillingar for ingeniør og ikt – fag, seier Merethe Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.
Ved utgangen av november var 6 108 personar heilt utan arbeid i Rogaland.
Det var 1 711 arbeidssøkjarar som var deltakar i eit arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 7 819 personar, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrka.
Færre arbeidslause i dei fleste yrkesgrupper
Det er i november nedgang i arbeidsløysa i dei fleste yrkesgrupper. Nedgangen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (- 50 prosent), bygg- og anlegg (- 39 prosent) og meglare og konsulentar (- 39 prosent). Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for dei med bakgrunn frå industriarbeid (- 38 prosent).
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sola (3,6 prosent). Både Sandnes, Stavanger og Haugesund har ei bruttoarbeidsløyse på 3,5 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 0,9 prosent, 1,4 prosent og 1,6 prosent. Tysvær har 1,7 prosent.
2 864 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 2 864 stillingar i november. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (720), helse, pleie og omsorg (514) og bygg- og anlegg (289). – Dei siste månadene har ledige stillingar innan ingeniør og ikt – fag holdt seg på eit høgt nivå, samstundes som det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Merethe P. Haftorsen.