Med hjarte på rette staden

Me har i dei siste avisene presentert ein del av flyktningane som har komme til Tysvær dei siste åra. Det har vore spennande møter for oss, og forhåpentlegvis også for alle våre leserar.

Intergrering er eit område der ein trur ein veit masse, men svært ofte tar feil. Bilete frå storbyar gir ofte eit feil innblikk i ei verd der hjartevarme og profesjonalitet møtast, og der respekt for menneske står på dagsordenen – kvar dag.
Nå har ikkje Tysvær stått fremst i nokon kø når det gjeld å ta imot flyktningar, og har heller aldri hatt flyktningmottak av en viss storleik. Og det blir alltid politisk debatt om talet på flyktningar ein skal ta i mot. Det er ikkje alltid den har vore like innhaldsrik og god, men ein ting har slått meg; Tysvær-politikarane har tydeleg sagt at dei ikkje vil ta imot personar i denne fortvila situasjonen, om dei ikkje kan ta i mot dei på ein verdig og god måte.
Gjennom historiene dei siste vekene ser eg at det blir gjort mykje godt arbeid med inkludering, med fokus på språk, utdanning og kvardagsliv. Små, men viktige grep blir gjort over heile kommunen.
Ein del av dei som gjer slikt arbeid har løn for det og er tilsette i kommunen. Men det er også ei gruppe medmenneske som er med på å legge til rette. Som inkluderer og som vil flyktningane vel. Som gir ros og ris på ein måte som skapar ei forståing mellom kulturar. Som opnar dører der andre meir naturleg stenger dei.
Og det handlar sjølvsagt om respekt. I ei tid der me stadig får høyre at me er meir innvendte og berre tenker på oss sjølve, er slike historier også ein invitasjon til det er muleg å vere med på laget. Frivilligsentralen kan vere eit utgangspunkt, lag og foreiningar det same. Eg trur alle desse hadde blitt svært glade om nokon hadde tatt kontakt og tilbudd seg å vere ein døropnar for dei me kallar våre nye landsmenn.
Innvandring vil alltid vere eit tema, og sjølv om me i vår kommune stort sett har vore skåna for den verste debatten, og den kan eg love er stygg, så har det vore utfordringar. Det er difor det er så viktig å rose og motivere dei som driv med inkludering. Det er slik ein skal gripe fatt i ei utfordring. Å stå og skrike nei til alt som er framand hjelp sjeldan, og skaper berre frykt og ei negativ haldning.
Så er det sjølvsat opp til politikarane på alle nivå å legge til rette for ein balansert flyktningpolitikk, som både tar omsyn til behov, og også korleis ein organiserer og hjelp dei som treng hjelp.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør