Gunnar Halle og Espen Eriksen speler jula inn i Tysværtunet den 14. desember. Dette blir årets siste lunsjkonsert.
Foto: Freddy Wike
Gunnar Halle og Espen Eriksen speler jula inn i Tysværtunet den 14. desember. Dette blir årets siste lunsjkonsert.

Ei smakfull og vakker julegåve

Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet har lagt bak seg ein ny og svært vellukka sesong med lunsjkonsertar. Nå rundar me av med ei julegåve til alle våre leserar og brukarar. Espen Eriksen og Gunnar Halle speler jula inn o morgon 14. desember.

Grindebuen og pianist Espen Eriksen har gjesta oss før saman med sin makker på trompet, Gunnar Halle. Då kom så mange at me rett og slett ikkje fekk plass. Denne gongen er me føre var, og inviterer til førjulslunsj i ein julepynta foaje.
– Det skal bli stas å komme heim til ein slik førjulskonsert. I Tysværtunet speler me ein konsert basert på plata vår, «Meditations On Christmas», som kom ut på CD i 2010 og på vinyl i fjor. Som tittelen antyder blir det meditasjonar over og nytolkningar av dei kjente og kjære julesongane våre. Vår tilnærming til julemusikken er at man ikkje treng å strø sukker på desse songane, men heller la deira skjønnhet få tre fram i kontrastar og improvisasjon. I følge tilbakemeldingane me har fått – frå både publikum og presse – er dette noko som blir satt pris på. For eksempel skreiv Dagbladet at plata er «eit utmerka alternativ til all julemusikk som glinsar av publikumsfrieri» og kvitterte med ein femmer på terningen, seier Eriksen.

Heim
Eriksen skal i år feire jula på Austlandet der han bur, men håper at mange kjente kjem innom i lunsjen for å seie god jul.
– Eg gleder meg veldig til å komme «heim» og spele, og håper at mange venner og kjente tar turen til lunsjkonserten vår.
Dei siste vekene har vore travle for jazzmusikaren frå Tysvær, med turne både i Russland og England.
– Det har vore fantastisk med god stemning, mykje folk på konsertane, og som vanleg store opplevingar, seier Eriksen.

God jul
Lunsjkonsertane har vore ein suksess frå dag ein, og tydeleg eit tilbod tysværbuen, og andre, har trykt til sitt bryst.
– Det har vore fantastisk. At me for det første har kunne samarbeidet om eit slikt tilbod har vore kjekt. For det andre har me fått vise fram både artistar og Tysværtunet på ein ny måte. Eg trur mange ønsker å oppleve kultur også på denne måten på dagtid. Dei finn kulturstoff i lokalavisa si, ser at det skjer noko, og kjem på konsertar når det blir invitert til det, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
I år har det vore eit variert tilbod, som også inkluderte litteraturfesten bLEST.
– Då me begynte tenkte me at det kanskje var 30-40 hadde lyst og tid til å komme innom. Nå har me stabilisert oss på pluss minus 100. Toppen var «Paddies» som trakk over 250 personar til lunsj klokka 11.30 ein vanleg fredag.
– Kva med julelunsj og Eriksen/Halle?
– Me hadde ein fantastisk konsert med dei for eit par år sidan. Då kom det så mange at det nesten ikkje var muleg å presse inn fleire på slutten. Nå opnar me Nygaardsalen og pyntar den til ein flott avslutning på lunsjåret 2018. Eg trur det er ein perfekt avslutning. Nydeleg og spennande julemusikk servert av to av våre fremste musikarar. I tillegg vil vår samarbeidspartnar i kafeen selje graut. Nei, dette kjem til å bli stas, smiler Simonsen.
Julelunsjen blir vår julegåve til alle våre trufaste leserar, og til alle dei som dag ut og dag inn bruker kulturhuset.
– Det blir ein flott treffstad for mange til å seie god jul til venner, sambygdingar og andre som kjem innom. Eg vil berre seie, møt opp i god tid og få med deg «Meditations On Christmas», avsluttar Øystein Simonsen.