Kva signal er dette?

Dei gravide fortvilar, dei tilsette varslar og dei som styrer, styrer unna.

Saka om at det svært vellukka prosjektet med tre jordmødrer i til saman litt under to stillingar i Tysvær brer om seg. På den eine sida kjem det fram stadig fleire forteljingar om kva kvalitet dette «prosjektet» har vore, og ikkje minst kva det har hatt å seie for dei familiane som har vore gjennom både graviditet, fødslar og dei første månadene med ein nyfødd. Det er rett og slett ikkje muleg å finne noko som helst som seier at dette er eit lovpålagt tilbod ein ikkje bør prioritere.
Sjølv dei som nå må ta over noko av dette arbeidet, legane, stussar over at ein ikkje har sett verdien i dette. I ein travel kvardag på legekontoret er det vanskeleg å rydde plass til denne oppfølginga, som jordmødrer i dag kan tilby.
Og då burde vel dette strengt tatt ha nådd inn til dei som styrer i Tysvær.
Svaret på det er nei. Sjølv om nokre har prøvd seg litt dei siste dagane, så har det vore heilt stille frå dei som styrer i kommunen, og som gjennom fleire år har jobba intenst med å lokke unge familiar til Tysvær med lovnadar om «godt å leve».
At lokalpolitikarar under eitt år før eit lokalval ikkje ser kva sak dette er, skjønar eg lite av. Dette må vere ei draumesak som omfamnar ei kjernegruppe av potensielle veljarar, som det elles er svært vanskeleg å få tak i. Det hadde også vore ei sak der ein kunne vist både faglege- og ikkje minst politiske musklar. Men det er med tristheit å melde, null respons.
Spørsmålet er kvifor?
– Dei har ikkje peiling, meiner frustrerte gravide og kvinner som nyleg har fødd.
– Veit ikkje, svarar legar me har spurt.
I budsjettarbeidet svarar politikarane for seg med å skulde på at dette er prosjektmidlar som nå ikkje det er rom for å føre vidare i eit stramt budsjett. Dei har ei stilling, og sjølv om den berre er litt over 50 prosent, så meiner dei same politikarane at det er nok til å gjere dei lovpålagte oppgåvene.
Men det beste eller verste er at dei vil vurdere dette tilbodet på nytt om det viser seg at skeptikarane (les dei involverte) får rett. Utfordringa då blir at dei to som nå må finne seg nye jobbar, allereie har tilbod og er nøydt til å takke ja til dei.
Denne saka har fått nasjonal merksemd av to grunnar. Kvaliteten på jordmortenesta i Tysvær i dag, og undringa over at dette tilbodet ikkje blir vidareført.
Eg undrast nå mest på kva signal dette er.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør