Anders Netland var rett svar på kven det var som var «Årets julenisse» i Bygdebladet. Det visste Kari Undheim og fleire hundre andre.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Anders Netland var rett svar på kven det var som var «Årets julenisse» i Bygdebladet. Det visste Kari Undheim og fleire hundre andre.

Kari visste kven årets nisse var

Mange, faktisk svært mange har gjettet på hvem som var årets julenisse i Bygdebladet.

Kari Undheim var ein av dei som var tidleg ute og slo fast at den nye kultursjefen, Anders Netland, var den som var årets nisse.
– Eg såg med ein gong at det var han og sendte inn mitt forslag. Heime på kjøkkenet har me diskutert dette, og det er vel ikkje alle som støtta det. Spesielt sist veke då det dukka opp eit bilete av Sigmund Lier rett under nissebilete, blei det diskusjon. Men eg sto på mitt, smiler Undheim, som ei av dei som aldri vinn noko som helst.
Tysvær Bygdeblad vil takke alle dei som har sendt inn, og gratulere alle vinnerne tidlegare i konkurransen.
God jul!