Lunsjkonsertane held fram også i 2019. Og for ei gjesteliste me har fått. Det er berre å krysse av i kalenderen.

Aller først kjem «Muddy Young». Duoen Jarle Hundsnes og Jan-Otto Eriksen er på plass allereie i morgon klokka 11.30. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

I dag klokka 11.30: Ai, ai, ai for en spennande vår

Lunsjkonsertane held fram også i 2019. Og for ei gjesteliste me har fått. Det er berre å krysse av i kalenderen.

av Alf-Einar Kvalavåg

Då Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet starta opp med lunsjkonsertar for fire år sidan såg me på det som eit kortsiktig og kanskje litt avgrensa tilbod på dagtid. Men det har tatt av. Stadig fleire kjem innom og stadig nye artistar kjem og speler. Denne våren blir det ei fin blanding av nye namn, og sterkt ønska gjenhøyr med kjende namn.
Aller først kjem «Muddy Young». Duoen Jarle Hundsnes og Jan-Otto Eriksen er på plass allereie i morgon klokka 11.30.
– Dette gleder me oss masse til, og skal spele sju av dei songane me har skrive sjølve. Å spele live med to gitarar er noko heilt anna enn å sitte i eit studio og finjustere på alt mogleg. Å få eit slikt tilbod er me både glade for, og litt stolte over. Det betyr at me har klart å bli lagt merke til, og det er ikkje så lett som det høyrest ut, smiler dei to kompisane frå Litlaskog.
Vel, reiser ein ut på Europa-turné i ein bubil så blir ein lagt merke til.
– Det var ei fin erfaring. Men då spelte me på klubbar og barar. Å spele i dagslys i «Tunet» blir noko anna. Men me tru at me kan lære mykje av det. I tillegg lovar me ein fin konsert der me har laga akustiske versjonar av låtane våre, seier duoen.

Skryt
Og akkurat den overgangen har det vore ros å for.
– Det er nesten to forskjellige songar når me har ein elektrisk og ein akustisk versjon. Me har testa det litt ut og fått mykje skryt. Det er viktig nå når me er i startfasen på karrieren vår.
– Kva forhold har «Muddy Young» til kulturhuset?
– Eg har brukt den sportslege delen ein del, og vore med på «UKM» to gonger. Den eine gongen gjekk me vidare med bandet vårt til finalen i Sandnes, så jo, der har eg spelt før, seier Eriksen.
– På den tida spelte eg berre fotball, smiler Hundsnes.

Viktig
Dei to karane sitt roleg i benken og fortel om det å satse på musikk. Om draumar og den smale veg musikklivet tross alt er.
– Det å få spele live er viktig for oss, og denne konserten med publikum stille og tett på, gjer at me må skjerpe oss litt ekstra. Og det er viktig trening for oss. Kanskje det er nokon som får med seg dette også, og gir oss nye mulegheiter, seier Jarle Hundsnes og Jan-Otto Eriksen.

15. februar
Om ein dryg månad er «Howdy» med Oddvar Helgeland i spissen hjarteleg tilbake til lunsjkonsert. Sist dei var her var det mykje folk, stor stemning og eit tydeleg krav om at dei måtte komme tilbake.
Nå kan me på nytt glede oss til ein god halvtime med skikkeleg gitarbasert country frå scena. Musikarane i bandet har også andre musikkprosjekt, men dukka opp i saman som band for mellom anna Solveig Leithaug i fjor haust.

22. mars
Når ein snakkar om ønskereprise så står også vår artist i mars høgt på lista. Andreas Petersson kom, vann og forsvann etter å ha imponert med eigne låtar. Saman med bandet «Lausongane» har han hatt stor suksess og fått gode tilbakemeldingar. Han har også opptredd saman med andre artistar, og mange kjenner han som ein populær musikklærar på Frakkagjerd ungdomsskule. Om han denne gongen har nokon med seg på scena er ikkje kjent.

26. april
Folkbandet «Rags&feathers» har delvis vore med oss før. Då me hadde lunsj i Nygaardsalen og hylla Leonard Cohen var det mange som fekk med seg ein uvanleg spennande duo som var med Helge Martin Framnes. Saman med Oddbjørn Austevik kjem trioen til oss og skal servere meir Cohen på det nydelegaste.
– Me ser skikkeleg fram til å komme til lunsjkonserten og er me heldig har me eit nytt album å presentere i dei tidene. Heile den prosessen styrer me ikkje, men musikk frå plata blir det uansett. Klart me vil til Tysvær og spele opp til lunsj, seier Kjersti Tingelstad.

Mai
I mai blir det Tysværdagen og ikkje lunsjkonsert i kjent format. Me jobbar med eit par spennande namn i juni, men våren er på plass.
Det er berre å glede seg, for det gjer me. Og hugs; konsertane er gratis.