Noregs beste motorveg

Me bur i eit land der reint vatn i springen er ei sjølvfølge. Me kan skru på krana, tappe i et glas og drikke med null angst for verken sjukdom eller noko anna «dritt».

av Alf-Einar Kvalavåg

Me kan også slepe oss morgongretne i dusjen og blir vekka av varme stråler, som den største sjølvfølge.
Me som har adresse i Tysvær kan også skryte på oss at det nye vass- og avløpsnettet vårt er blant dei beste i landet. Det er som ein motorveg å rekne, før reint vatn forsvinn ut i fjorden ein stad. Reinsa i topp moderne anlegg.
For å bruke vegterminologien litt til. Sidevegane er ikkje av same standard.
Eg bruker ofte meg sjølv som eit eksempel, og det kan eg også godt gjere når det gjeld vassproblem. Eg bur nemleg slik til at når noko er galt med vassleidningane i det ein kallar Førre-området, og då inkluderer alt som ligg mot vest, så kan eg frå stovevindauge sjå at fargen i sjøen går frå mørkeblå til gul.
Det er sanden som ligg under vassleidninga som blir spylt gjennom småbekkar og ned til den store bekken, som renn ut under husa våre i Førresbotn. Og det skjer jamleg.
For det er slik at sjølv om me nå betalar dyrt i avgifter for ein fantastisk miljøvennleg og god motorveg, har Tysvær framleis ein formidabel jobb å gjere med alle «sidevegane». Som sprekk og som ikkje har den kvaliteten lengre, som det moderne og utbygde Tysvær krev. Og dette er eit arbeid som inneber mykje graving i vegane våre, i bustadområde, ved idrettsanlegg, ved skular og andre stadar der folk ferdast. Og det kostar pengar. Mykje pengar. Tysvær kommune kjenner til problemet og vil gjere noko med det. Det er sett av pengar i dette budsjettet, men spørsmålet vil alltid vere; Er det nok? Og kva vil det koste samfunnet om me får nye lekkasjar, som på nytt stenger arbeidsplassar og barnehagar. Kva om vassbrotet sist helg hadde spreidd seg til skulane på Frakkagjerd og i Førre? Slik eg tolka det var det lite om å gjere.
Eg vil gi dei som jobba i helga tommel opp for godt arbeid. Eg vil gi tommel opp for dei som stemte for pengar til utbetringar av vassnettet i budsjettforliket.
Så spørs det om det blir tommel opp eller berre meir avgifter å betale for å fikse opp i resten av røyrsystemet. Noko må uansett gjerast, så avhengige av vatn er me blitt.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør