Den «fjerde» statsmakt

Media vert ofte omtala som den fjerde statsmakt, og vi ser at media får meir og meir makt.

Dei kan vinkle ein sak, slik at folk vert positive til saken, men dei kan og vinkle den slik at folk vert negativt innstilt til sak, politikere eller andre personer. Oftast tenker vi at det er dei store, landsdekkende avisene som har denne makta, men faktisk har og lokalaviser makt til å styre folks meiningar om ett og hitt! Det eg vil sei noko om er mi lokalavis, Tysvær Bygdeblad, si vinkling på kva som skjer på kulturfronten i kommunen.

Eg er så heldig at eg får vere medlem av eit kor som heiter Aksang. Vi har dei siste åra samarbeida tett med Boknakoret, (frå Bokn sjølvsagt). Vi har det kjempekjekt i lag, og vi har eit bredt spenn på kva vi framfører, alt frå pop, rock, gospel, viser, country og lignende.

Altså har Tysvær kommune to kor for vaksne i kommunen, så vidt eg veit. Begge med utgangspunkt og øvingslokale i Aksdal. Diverre ser det ut som det kun finst eit kor i Tysvær, om ein skal ta utgangspunkt i Tysvær Bygdeblad. Og det er Tysvær Blandakor. Dei får all ønskeleg publisitet, både før og etter konserter og jubileum. Noko som dessverre ikkje vert oss i Aksang til del. Forstå meg rett; eg unner Tysvær Blandakor all den publisitet dei kan få, det er viktig å ta vare på lokalt kulturliv, men det hadde vore litt kjekt for oss i Aksang å få litt publisitet. Vi har gjerne fått lovnad om at dei skal kome frå Tysvær Bygdeblad å skrive og ta bilete av oss for omtale i avisa, før ein konsert. Vi stiller opp i klær som passer for konserten, klare, men ingen journalist kjem. Vi tek bilete sjølv, skriv nokre ord, og leverer det egenhendig på lokalavisa. Er vi heldige, får vi ei lita notis øverst i eit hjørne. Men eg synes det toppa seg no i året 2018; då eg leste om kva som hadde foregått i kulturlivet i 2018, var vi ikkje, så vidt eg kan se, nevnt med eit einaste ord. Det sto at SKRUK hadde holdt konsert i Nedstrand kyrkje i forbindelse med kyrkja sitt 150 års jubileum. Ingenting sto det om at Aksang og andre, var spesielt inviterte til å få synge to sanger samen med SKRUK. Dette er vel bortimot noko av det største eit kormedlem kan få være med på.

I desember fekk vi, samen med Boknakoret, ha den store gleda av å få vere med på konsert samen med Hanne Krogh, Johnny Logan og Tomas Ruud, samen med musikarar som ein gjerne har sett på TV i ulike program. Vi fekk kjensla av å ikkje berre vere eit backingkor, men at vi var ein «viktig» del av konserten. Vi var med på alt frå opera, kjente og ukjent julesanger og Melodi Grand Prix vinnermelodiar. Fantastiske tilbakemeldingar fekk vi både av dei vi hadde konsert samen med, men og publikum i ein fullsatt Bokn arena. Bokn si lokalavis hadde ein stor reportasje om oss to kora, som skulle få vere med på dette. Tysvær Bygdeblad; nei dei glimra med sitt fravær både før og under konserten. Det er greit at konserten foregjekk utanfor kommunegrensa, men konsertar i Haugesund av andre kor (Tysvær Blandakor) er blitt omtala. Vi, ikkje nevnt med eit ord. Eg har blitt gjort oppmerksom på at det var noen ord om dette i nettavisa, men eg meiner at det er større sjanse for at folk leser det, om det står i papiravis, og ikkje på ei nettside, som folk må logge seg på, for så å bli bombardert med bilder og tekst, som ein «skroller» seg ned over.

14 dagar etter konserten på Bokn, var det å omstille seg til ein ny konsert. Denne gangen samen med Embla i Aksdal kyrkje. Vi fekk god hjelp av Willy Ludvigsen til å dirigere oss på denne konserten, noe som for oss var ei stor ære. Fortsatt heilt tyst frå vår lokalavis.

Lokale kor, orkester, grupper og korps slit gjerne med å få publikum til våre konserter og forestillinger, for det er jo så mykje anna som skjer rundt omkring på Haugalandet med kjente og store artister. Så vi kjem ofte litt til kort, i konkurranse med desse. Så kjære lokalavis, mitt ønske for 2019; vær så snill å skriv likeverdig om det som skjer i det kulturelle miljøet. Så kanskje kan vi i Aksang få oppleve fulle saler, slik Tysvær Blandakor gjer. Dåke har faktisk makt til å bestemme vere eller ikkje vere for kulturlivet i Tysvær. Stor publisitet= mykje interesse, og då forhåpentligvis mange publikummere. Ingen publisitet= ingen eller liten interesse, og kanskje mindre publikummere, fordi ingen veit kva som skjer. Kun nærmeste familie og venner. Så får vi sjå då, om Tysvær Bygdeblad tåler kritikk og trykker dette leserinnlegget, eller om det også blir forbigått i stillhet!

Med vanleg helsing
Karin Stokkenes Grinde.