Espen Eriksen tar med seg resten av trioen og Andy Sheppard til Vossajazz i april. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen tar med seg resten av trioen og Andy Sheppard til Festivitetenl. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Espen Eriksen Trio til Vossajazz

14. april speler Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard under Vossajazz.

– Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste. Gruppa har vorte viden kjend for sin melodiske minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fire strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konsertar i inn- og utland, skriv arrangøren på si heimeside.
På sisteplata «Perfectly Unhappy» frå 2018 tok gruppa steget ut av trioformatet saman med stjernesaksofonisten Andy Sheppard. Sheppard, som blant anna har spelt med storleiker som Gil Evans, Carla Bley, George Russell og Steve Swallow i sin lange karriere, vart sjølv overraska over kor saumlaust han glei saman med trioen. Spelet hans framhevar dei vakre melodiane til Eriksen og tilfører ei unik stemme i solopartia.

Dette er Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard
Andy Sheppard – saksofon
Espen Eriksen – piano
Lars Tormod Jenset – bass
Andreas Bye – trommer