Onsdag kveld inviterer dei alle som vil til å møte kunnskapsrike og trivelege Kirsti på Tysværtunet. Ho vil òg besøka lokale verksemder.
Før besøket har ein stilt desse to spørsmåla. Er du nysgjerrig på kva ein tillitsreform er? Er du opptatt av arbeidsliv, næringsliv, velferd og miljø?
– Då kan eg verkeleg anbefale vårt ope folkemøte i Aksdal med SVs nestleiar Kirsti Bergstø, seier Synnøve Bredal Bjelland.
Hovudtema onsdag kveld er Tillitsreformen. Tillit til dei tilsette på golvet og deira kreativitet, initiativ og arbeidsglede – motsatsen til aukande byråkrati og maktkonsentrasjon i offentleg sektor. Velferd og miljøvenleg næringspolitikk vil òg bli tatt opp. I ei tid med privatisering, aukande skilnadar mellom menneske og enorme klimautfordringar må venstresida mobilisera.
Me har ein del som vil vere med på ei liste i Tysvær
Målet er at dette skal lokke frem både nye og gamle SV-arar i Tysvær.
– Me har ein del som vil vere med på ei liste i Tysvær, men me manglar framleis toppkandidatane. Kanskje me treff dei i morgon kveld, seier Bredal Bjelland.
Tysvær SV hadde liste ved sist val, og håper at dei siste dagars opptur sentralt, vil smitte over på lokallaget i Tysvær. Ved valet i 2015 fekk dei 1,8 prosent av stemmene.