Det er slik kvart år. Eg har sjekka og det skjer omtrent nå. Nå når Vintercupen i fotball pleier å starte. Det er blitt eit meteorologisk fenomen. I det ein varslar første kamp, så kjem vinteren.
Nå klarer nok fotballfolket seg. Eg er meir bekymra for ein del av dei eg møter på min veg.
Talet på gonger eg har stilt meg spørsmålet om kva dei gjer ute, er ikkje få. Enten er det eldre menneske som slit med å gå på tørr asfalt, som av ein eller anna grunn også må ut på «holka». Så er det dei, unge som vaksne, som har tenkt at i dag er det lurt å sykle. På isen er det ikkje det, sjølv om proffar har piggdekk også på syklane.
Så er det bilane. Dei står og spinn i bakkar og kryss. Når dei er ferdig så parkerer mange langs vegen, slik at brøytebilen ikkje kjem forbi. Ikkje alle sjølvsagt, men for mange.
Til slutt kjem gruppa med trailerar. Dei som me les om i aviser og ser på fjernsynet gjennom heile vinteren. Med dekk som er utslitne, og kjettingar som ikkje passar. Som er fullasta og veg mange tonn. Dei kjem mot oss i stor fart, og det er kanskje ikkje alle som tenker på korleis dei er skodd i vinterhalvåret. Beklagar å måtte seie det, men det er mange som blir reine drapsmaskinane.
Det er dette som er vinter på Vestlandet.
Då gjer det godt å vite at Tysvær kommune er blant dei som tar trafikksikring på alvor. Som har tilsette som jobbar med dette heile året, og ikkje berre tar skippertak når temperaturen nærmar seg null, men som jobbar aktiv på førebyggande plan med barnehagane, skulane og dei mange som jobbar med barn og unge i Tysvær.
Slikt gir eit håp om betre vett i trafikken på sikt, men også ein meir realistisk forventning om å oppnå, og å oppretthalde nullvisjonen me har i trafikken.
Så stor klapp på skuldra til dei som har slike visjonar og som følger opp dette med trafikksikkerheit. Det må inn med morsmjølka. Så lett, og så vanskeleg er det.
Og til alle andre der ute i trafikken. Still deg spørsmålet. Må eg ut og gå i dag? Kan eg la bilen stå? Er det verdt å ta sjansen?
Så kanskje me møtest langs vegen igjen…
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør