Vinteren har også laga trøbbel for Skjold.
– Me fekk endeleg eit par skikkelege økter denne veka, og ser nå fram til kampen mot Skudenes i kveld. Det er viktig for oss å bygge opp eit spelemønster og ein spelestil i god tid før serien begynner. Det må desse kampane brukast til. I tillegg vil me gjerne nå langt i vår eigen vintercup. Så alvor er det, seier Steinsland.
I kveld må han klare seg utan mellom anna Marco Passera, Jomar Skrunes og ein skadd Håkon Bådsvik.
– Eg trur me har eit lag som skal kunne styre kampen på Karmøy. Me må få fart på ballen, og skape nok til at det er me som vinn slike kampar. Det skal vere skilnad på oss og Skudenes, også i februar. Måndag er det ny kamp, då blir det endeleg lokaloppgjer mot Stegaberg på Frakkagjerd. Me gleder oss til den kampen også, seier Bjørn Arne Steinsland.
Kampfakta og korte referat frå vintercupen finn du som alltid på våre heimesider.
I troppen og sannsynlegvis frå start, Brian Risanger. Det er eit comeback mange har venta spent på.
Macron Vintercup
Skudenes – Skjold
Torsdag 19.30
Skjold sin tropp:
Håvard Spartveit
Åsmund Håheim
Petter Steinsland
Petter Haraldseid
Halvor Hansen
Morten Bådsvik
Håvard Hetland
Gøran Kallevåg
Gabriel B. Holden
Sondre Bådsvik
Mats Steinsland
Sander Hettervik
Sindre Herland
Stian Steinsland
Daniel Lønning
Vegard Steinsland
Berge Ohm
Brian Risanger