Tidleg innsats er viktig i helsearbeid og i arbeid med barn, unge og familiar. Vi veit at tidleg innsats er grunnleggjande både i eit menneskeleg-, samfunns- og økonomisk perspektiv. Fokusveka mot vold og overgrep som kommunen arrangerte i haust, sette fokus nettop på dette. Der, som mange andre stader i eit folkehelse- og samfunnsøkonomisk perspektiv, kom det fram at «der ein får mest att for pengane» er ved å satse på god jordmorteneste, helsestasjonsteneste og barnehage, i den rekkefylgje.
Mange tysværbuar har engasjert seg for å sikre at kommunen har gode jordmortenester. Tysvær Bygdeblad har følgd saka opp i sine spalter. Dette opptek mange i kommunen, særleg unge menneske og familiar som får barn. Demografien tilseier at vi gjer klokt i å lytte til desse stemmene, samt til råd frå helsestyresmaktene og samfunnsøkonomar.
Ved budsjettmøtet i desember og arbeid med økonomiplanen var jordmortenester eit tema. Nokon av oss er utålmodige på framhaldet og tek spørsmålet opp politisk.
Vi vil at jordmortenesta skal være ein viktig del av den heilskaplege tidlege innsatsen for barn og familiar sitt beste, i vår kommune. Dette har stått i vårt program i mange år.
Vi meiner jordmortenesta, i tillegg til svangerskap- og barselomsorg, kan være eit viktig tiltak for å veilelde unge i høve til god seksuell, fysisk og psykisk helse, samt være ein viktig aktør for å avdekke krenkingar, vald og overgrep.
På vegne av kommunestyregruppa til Tysvær KrF;
Gunn-Marit Lygre