Klokka 11.30 blir det skikkeleg country på scena under lunsjkonserten. «Howdy» har vore sterkt ønska. Nå kjem dei.

Trioen Oddvar Helgeland, Knut Edvin Norbotten og Per Steinar Norbotten speler skikkeleg country med noko attåt, neste fredag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

11.30: Litt country, litt bluegras og kanskje Pink Floyd

Klokka 11.30 blir det skikkeleg country på scena under lunsjkonserten. «Howdy» har vore sterkt ønska. Nå kjem dei.

av Alf-Einar Kvalavåg

Trioen Oddvar Helgeland, Knut Edvin Norbotten og Per Steinar Norbotten speler country og bluegras slik det skal låte. Det meiner mange som gleder seg til eit gjensyn med trioen i Tysværtunet.
– I dag har me faktisk vore skikkeleg seriøse og gått gjennom kva songar me skal spele til lunsj. Det blir ein fin miks av tradisjonell country og ekte bluegras, slik me likar det. I tillegg jobbar me med ein countryinspirert song av Pink Floyd. Får me det til avsluttar me konserten med den, seier Oddvar Helgeland.
Trioen «Howdy» er dessverre ei godt bortgjømt perle av ein trio. Med Knut Edvin Nordbotten på song og steelgitar, Oddvar Helgeland på elgitar og Per Steinar Norbotten på gitar.
– Tja, det stemmer vel det. For å seie det slik, me speler mykje for oss sjølv. I tillegg til dei jobbane me har hatt med trioen jobbar eg og Knut Edvin med ein del musikk heime i studioet mitt. Me får sjå. Kanskje slepp me ein song og med tida, seier Helgeland.

Fans
Countrymusikken har mange fans også på Haugalandet.
– Det er lett å forstå på ein måte, for det er ekte og jordnært. Det er reine instrument, og folk kjenner musikken frå originalane.
– Og «Howdy» har fått mykje skryt…
– Ja, det er sjølvsagt kjekt når det kjem folk bort og skryt over det me gjer. Ein av grunnane er at me tar det på alvor. Me øver, finn nye låtar og prøver å ha musikken i fokus. Blir ikkje så mykje dans og show med oss, kan du seie. Me gjer det slik det alltid har blitt gjort, og slik fansen av musikken vil ha det.
– Kvifor ikkje meir konsertar?
– Me seier ja til alle som spør, så det står ikkje på det. Nei, me er kanskje litt beskjedne av oss. Me vil ikkje vere bakgrunnsband på ein bråkete fest, men spele konsertar. Så dette er ein slik mulegheit, og den er me glad for at me får. I tillegg til konserten treff me mange kjente, som har følgt oss lenge. Så fredag gleder me oss til, seier Helgeland.

Mykje preik
Sidan trioen stadig har øvingar kan det vere spennande å få eit lite innblikk i korleis dei jobbar.
– Kan du seie noko om korleis dette «livet» er?
– Det blir mykje preik, ler Helgeland før han fortsett;
– Me har eit utgangspunkt før me møtest der alle har øvd heime på sine ting. Så noko tradisjonell øving er det ikkje. Det går i låtval, miks av musikk som gjer at me kan spele konsertar, og litt prøving og feiling på nytt materiale. Me har ein stor base av songar, både eigne og coverlåtar. For å seie det veldig enkelt. Me snakkar mykje, og så kosar me oss med musikken. Ein får faktisk mykje energi av å spele slike songar, seier han.
– Kven trur du kjem neste fredag?
– Oj, den var litt vrien. Det var mange som kom sist, og blant dei ein heil del kjentfolk. Håper dei dukkar opp også denne gongen. Så veit eg at mange likar country på den gamle gitarbaserte måten. Dei skal me ikkje skuffe. Eg har vore innom og kikka på ein del lunsjkonsertar, og trur me musikalsk er midt i blinken for det publikummet som vanlegvis dukkar opp. Kan i alle fall love at me er topp skjerpa, sjølv om det er tidleg på dagen.
– Blir vel mykje preik mellom songane då, sidan ein har øvd på det?
– Ha, ha… Nei, du. Me går for musikken. Det trur eg både me og publikum skal vere glade for. Håper at så mange som muleg har sjanse å komme neste fredag. Me snakkast då, avsluttar Oddvar Helgeland.

Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og tysværtunet kulturhus. Dei startar klokka 11.30, og det er sjølvsagt framleis heilt gratis.