Det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Merethe P. Haftorsen. Foto: Haakon Nordvik
Det er gode tider i i arbeidsmarknaden, fortel Merethe P. Haftorsen. Foto: Haakon Nordvik

«Berre» 86 utan arbeid i Tysvær

NAV presenterte i dag tala for arbeidsmarknaden. I Tysvær er det framleis få som er heilt utan arbeid. 1,5 prosent av oss er på jobbjakt akkurat nå.

I februar er delen heilt arbeidslause i Rogaland på 2,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er same del som snittet for alle fylka i Norge.
For Tysvær er talet 1,5 prosent, det vil seie 86 personar.

Sist Rogaland hadde like låg del heilt arbeidsløyse som snittet for Norge var i mars 2015.
– Arbeidsmarknaden i Rogaland er i ferd med å normalisere seg, og enkelte bransjar har per i dag utfordringar med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft, seier Merethe Haftorsen, direktør i NAV Rogaland. Dette gjeld spesielt verksemder som treng fleire ingeniørar og personar med it – kompetanse, fortel ho.

Justert for sesongvariasjonar var det også ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i februar samanlikna med januar 2019.

Ved utgangen av februar var 6 386 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette utgjer 2,5 prosent av arbeidsstyrka.
– At Rogaland i februar har like låg del arbeidsløyse som snittet for fylka i Norge er meget gledeleg. Det er nesten 4 år sidan sist, fortel Merethe P. Haftorsen.
Frå og med april 2015 og til og med januar 2019 har Rogaland hatt høgare del heilt arbeidslause enn snittet for fylka i Norge, og i lange periodar den høgaste delen av alle fylka i Norge.
Det var i februar 1 665 arbeidssøkjarar som var deltakare i eit arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse på 8 051 personar, tilsvarande 3,2 prosent av arbeidsstyrka.

Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse i februar var det i Sandnes og Stavanger med høvesvis 3,8 og 3,7 prosent.
Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal og Kvitsøy med høvesvis 1,1 prosent og 1,4 prosent.

3 701 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 3 701 stillingar i februar. – Dette er ein auke på 26 prosent samanlikna med februar 2018, seier Merethe P. Haftorsen. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (671), helse, pleie og omsorg (607) bygg og anlegg (417).